Vincent Vittoz (fødd 17. juli 1975) er ein fransk tidlegare langrennar frå Annecy, som i 2005 vart verdsmeister på 30 km og nummer to i verdscupen i langrenn.

Vincent Vittoz


Vincent Vittoz i 2006

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 17. juli 1975 (48 år)
Annecy
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011

Utmerkingar

ridder av Den nasjonale fortjenstorden

Aktiv endre

Vittoz fekk sitt internasjonale gjennombrot i desember 2000 med ein andre- og ein tredjeplass i verdscupen. Han tok sin fyrste av sju individuelle sigrar i verdscupen då han 23. november 2002 vann 10 km fristil i svenske Kiruna.

Gjennom 2005-sesongen vann Vittoz tre tevlingar i verdscupen i langrenn. Fyrst vann han 15 km fristil i finske Kuusamo i sluttten av november månad, 1,8 sekund framom tyske Axel Teichmann. Tre veker seinare gjekk han til topps i ein 30 km med skibyte i Ramsau, og midt i januar tok han sin tredje verdscuptriumf i tsjekkiske Nove Mesto. Høgdepunktet for sesongen kom så under Ski-VM 2005 i Oberstdorf, der han spurta inn til gullmedalja i 30 km skibyte, 0,8 sekundar føre Giorgio Di Centa frå Italia og norske Frode Estil. Samanlagt enda Vittoz på andreplass i verdscupen, einast Axel Teichmann plukka fleire poeng.

I OL-sesongen 2006 hamna Vittoz på tredjeplass i verdscupen, med ein einsleg tevlingssiger i Nove Mesto. Også i 2007 og 2008 vann han eitt verdscuprenn for sesongen. I tillegg sikra han seg sigeren i to etapperenn i verdscupturnear. Til saman var han 23 gongar på pallen etter verdscuprenn.

Vittoz la opp i 2011.

Kjelder endre