Vindelns kommun
kommune i Västerbotten len i Sverige
(Omdirigert frå Vindeln kommun)
Vindeln kommune ligg i det svenske länet Västerbottens län i Västerbotten. Kommunen har grensar til nabokommunane Norsjö, Skellefteå, Umeå, Vännäs, Bjurholm og Lycksele. Administrasjonssenter i kommunen er Vindeln.
Vindelns kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Västerbottens län | ||
Landskap | Västerbotten | ||
Del av | Västerbotten, Q61680002, Q61669471 | ||
Areal | 2 846,11 km² | ||
• land | 2 629,37 km² | ||
• vatn | 216,74 km² | ||
Folketal | 5 430[1] (2011) | ||
Vindelns kommun 64°12′00″N 19°43′00″E / 64.2°N 19.716666666667°E | |||
Kart som viser Vindelns kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Vindeln Municipality |
Geografi
endreKommunen har kupert barskogkledd landskap og store myrområder.[2] Ume älv og Vindelälven renn gjennom kommunen.
E12 går gjennom kommunen. Vindeln er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Stambanan genom övre Norrland. Frå Hällnäs går ein tverrbane via Lycksele til Storuman på Inlandsbanan.
Tettstader
endreVindeln kommune hadde fem tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[3]
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Vindeln | 2 356 |
2. | Hällnäs | 309 |
3. | Tvärålund | 271 |
4. | Granö | 261 |
5. | Åmsele | 201 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vindeln kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
- ↑ Artikkel om Vindeln kommune på snl.no
- ↑ Statistiska centralbyrån den 31 december 2005