Lycksele kommun

kommune i Västerbotten len i Sverige
(Omdirigert frå Lycksele kommune)

Lycksele kommune ligg på svenske länet Västerbottens län i landskapet Lappland i landsdelen Norrland. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Lycksele. Kommunen grensar til nabokommunane Storuman, Malå, Bjurholm, Norsjö, Sorsele, Vilhelmina og Vindeln.

Lycksele kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Västerbottens län
Landskap Lappland
Del av Lappland i Sverige, Q61669443
Areal 5 888,93 km²
 - land 5 518,49 km²
 - vatn 370,44 km²
Folketal 12 368[1]  (2011)
Kart
Lycksele kommun
64°36′00″N 18°40′00″E / 64.6°N 18.666666666667°E / 64.6; 18.666666666667
Wikimedia Commons: Lycksele Municipality
Lycksele kyrkje

Samisk språk endre

Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[2] og Lycksele kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige. Sveriges første sameskule vart grunnlagt i Lycksele i 1632, og frå gammalt av har Lycksele vore eit knutepunkt for den sørlege delen av Lappland med årlege marknader.[3]

Geografi endre

Lycksele kommune ligg midt i eit skoglandskap, og gjennom kommunen, og tettstaden, renn Ume älv, eit av dei mektigaste vassdraga i Sverige.

E12 går gjennom kommunen. Lycksele har samband til det svenske jernbanenettet gjennom jernbanelinja mellom Storuman og Hällnäs. Lycksele lufthamn har daglege ruter til Stockholm Arlanda.

Tettstader endre

Lycksele kommune hadde to tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Lycksele 8 597
2. Kristineberg 331


Mindre stader i Lycksele endre

Venskapskommunar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre