Vinkelmoment, drivmoment, dreieimpuls, spinn, rørslemengdmoment, rotasjonsmengd eller bevegelsesmengdemoment er ein fysisk storleik som skildrar rotasjonstilstanden til eit system eller ein lekam rundt eit sentrum. Storleiken er ein vektorstorleik som er lik massen til partikkelen gangar med kryssproduktet av posisjonsvektoren til partikkelen med fartsvektoren.[1] Vinkelmomentet til eit system av partiklar er summen av vinkelmomentet til kvar av partiklane i systemet.[2]

Vinkelmomentet til gyroskopet får det til å spinne og stå oppreist.

Vinkelmoment er eit viktig omgrep i både fysikk og ingeniørvitskap med mange bruksområde. Vinkelmoment er viktig i fysikk fordi det er ein bevart storleik. Altså er vinkelmomentet til eit system konstant med mindre eit ytre dreiemoment påverkar det. Rotasjonssymmetrien i verdsrommet og den atmosfæriske sirkulasjonen på jorda er i høgste grad knytt til bevaring av vinkelmoment, og det forklarer òg mange andre fenomen i naturen.

Definisjon endre

SI-eininga for vinklemoment er joulesekund; J·s, men vert òg skrive som kg · m²/s.

Generelt er vinkelmomentet til ein partikkel om eit punkt gjeve som:

 

der:

  er vinkelmomentet til partikkelen
  er posisjonsvektoren til partikkelen i forhold til punktet,
  er rørslemengda til partikkelen, og
  er kryssproduktet.

For ein lekam med fast masse som roterer om ein fast symmetriakse, kan vinkelmomentet skrivast som produktet av tregleiksmomentet og vinkelfarten:

 

der

  er tregleiksmomentet for lekamen og
  er vinkelfarten.

Bevaring av vinkelmoment endre

Vinkelmomentet er konstant i eit lukka system, noko som er matematisk ekvivalent med at den tidsderiverte er lik null. Den tidsderiverte for vinkelmoment er dreiemoment:

 

Dermed er kravet om eit lukka system det same som at det ikkje er nokre ytre dreiemoment som virkar på systemet.

 

der   er dreiemoment som virkar på systemet.

Drivmomentet til eit massepunkt som roterer omkring ein viss akse kan òg definerast som:

 

der

m er massen til massepunktet,
v er den tangentielle farten til massepunktet i forhold til aksen
og r er avstanden frå massepunktet til sentrum av rotasjonsaksen.

Kjelder endre