Virgohopen er ein irregulær galaksehop som ligg nær den galaktiske nordpolen i stjernebilete Jomfrua (Virgo). Han inneheld kring 2500 galaksar og ligg i ein avstand på kring 15 millionar parsec (50 millionar lysår).

Mange av dei mest lyssterke galaksane i hopen, inkludert den enorme elliptiske galaksen Messier 87, vart oppdaga seint i 1770-åra og tidleg i 1780-åra og vart inkludert i katalogen til Charles Messier som uklåre objekt som ikkje var kometar. Hanv art skildra av Messier som stjernetåker utan stjerner, men kva det faktisk var vart ikkje oppdaga før i 1920-åra.

Kjelder endre

Koordinatar:   12h 27m 00s, 12° 43′ 00″