Folkemusikaren Peter Knight

britisk musikar
(Omdirigert frå Visesongaren Peter Knight)

Peter Knight (fødd 27. mai 1947) er ein britisk folkemusikar. Han var tidlegare medlem i den britiske folkrockgruppa Steeleye Span. Han var fødd i London og lærte seg å spele fiolin og mandolin som barn, før han gjekk på Royal Academy of Music frå 1960 til 1964. Innspelingane til den irske felespelaren Michael Coleman inspirerte han til å delta på irske pubinnspelingar. Han slo seg saman med gitaristen og songaren Bob Johnson fram til 1970, då han vart med i Steeleye Span. Johnson vart sidan òg med i Steeleye Span i 1972.

Peter Knight

Peter Knight og Maddy PriorFairport's Cropredy Convention 2006
Fødd27. mai 1947 (76 år)
FødestadLondon
OpphavStorbritannia
Instrumentfiolin, mandolin, fele
PlateselskapChrysalis
Verka sommusikar, mandolinspelar, felespelar

I midten av 1970-åra var han i løynd medlem av The Wombles og spelte på Top of The Pops som Uncle Bulgaria. Han forlet Steeleye Span i 1977. Knight spelte sidan inn eit album med Johnson igjen. I 1980 kom han attende til Steeleye Span og spelte på alle albuma deira etter det fram til Wintersmith. I 2013 slutt han igjen i bandet.[1]

Diskografi (utanom Steeleye Span) endre

Med Bob Johnson endre

Solo endre

  • An Ancient Cause (1998)
  • The Gemini Cadenza (1998)
  • Too Late For Shadows (2005)

Med Danny Thompson endre

Maddy Prior endre

  • Ballads and Candles (2000)

Med Chris Leslie, Tom Leary, Ian Cutler, Phil Beer, Hugh Crabtree og Brian McNeill endre

  • Feast of Fiddles (2002) (recorded live in 2001)
  • Nicely Wrong
  • Still Live (live 2006)

Med Gigspanner (Peter, Vincent Salzfaas, Roger Flack) endre

  • Lipreading The Poet
  • Doors At Eight (live)
  • «Layers of Ages» Released May 2015

Kjelder endre

  1. «Steeleye Span». peterknight.net. 14. november 2013. Henta 17. oktober 2014. «I left Steeleye Span at the end of 2013 having been in the band for around 42 years, and now look back on the good times and not so good times with a smile and no regrets.» 

Bakgrunnsstoff endre