Vjatsjeslav Fetisov
Vjatjeslav Aleksandrovitj Fetisov (fødd 20. april 1958) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar og politikar frå Moskva. Med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey vann han sju VM-gull og to OL-gull i tida 1978-90. Fetisov var idrettsminister 2002-08 under presidentstyret til Vladimir Putin.
Vjatsjeslav Fetisov | |
Statsborgarskap | Russland, Sovjetunionen |
Fødd | 20. april 1958 (66 år) Moskva |
Idrett | ishockey |
Tok del i | Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1980 |
Utmerkingar | Leninordenen, Æresordenen, Silver Olympic Order, 3. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Arbeidets røde fanes orden, Ærestegnets orden, Venskapsordenen, Zasluzjennyj rabotnik fizitsjeskoj kultury Rossijskoj Federatsii, Fortjent trener i Russland, Idrettens mester i Sovjetunionen, 2. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, Jubileumsmedaljen for sytti år med Sovjetunionens væpnede styrker, Medaljen for uklanderlig tjeneste, æresmerke for fortjenester i utvikling fysisk fostring og idrett, Hockey Hall of Fame, Medal "For Impeccable Service", 3rd class, Duslikordenen, Jubileumsmedaljen for 60-året for Sovjetunionens væpnede styrker, honorary citizen of Moscow Oblast, Medal "For Impeccable Service", 2nd class, Russian Federation Presidential Certificate of Gratitude, Russian Federation Government Certificate of Honour |
Fetisov vert rekna som ein av dei beste forsvarsspelarane i ishockeyhistoria. Han spelte for ishockeyklubben CSKA Moskva frå 1976 til 1989, eit lag han vart sovjetmeister med 13 år i rad. Deretter spelte han i National Hockey League i Nord-Amerika til 1998, perioden 1989-94 på New Jersey Devils. Sidan var han frå 1994 til -98 Detroit Red Wings-spelar, ein klubb han vann Stanley Cup med i 1997 så vel som i 1998.
Fetisov var lagkaptein for det sovjetiska ishockeylandslaget i mange år. Han deltok i ishockey-VM fyrste gongen i 1977 og siste gongen 1991. Verdsmeister vart han i 1978, 1981-83, 1986, 1989 og 1990 og olympisk meister i 1984 og 1988.
I 2002 vart Fetisov utnemd til idrettsminister i Russland. Dei neste seks åra sette han i verk ei storstilt utbbygginga av idrettsarenaer i Russland. År 2007 hadde han ei framståande rolle då Russland vart tildelt dei olympiske vinterleikane 2014 i Sotsji.
Sjå også
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wjatscheslaw Alexandrowitsch Fetissow» frå Wikipedia på tysk, den 20. november 2019.