Vladimir Jugović
serbisk fotballspelar
Vladimir Jugović (fødd 30. august 1969) er ein tidlegare serbisk fotballspelar frå Milutovac. Han spelte 41 landskampar for Jugoslavia og skåra tre mål. Han spelte for Raude Stjerne, Sampdoria, Juventus, Lazio, Atlético Madrid, Inter og Monaco. På klubbnivå vann han seriemeisterskapen tre år i råd frå 1989-92 med Raude Stjerne han vann også Europacupen med klubben i 1991 og intercontinentaalcupen same året. Med Sampdoria vann han den italienske cupen i 1993. Med Juventus vann han seriemeisterskapen i 1997, Meisterligaen i 1996 og Intercontinentalcupen det same året. Med Lazio vann han den italienske cupen i 1998 og med Monaco vann han Coupe de la Ligue i 2003. Han spelte for Jugoslavia i VM i 1998 og EM i 2000.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Vladimir Jugović | ||
Fødd | 30. august 1969 (55 år) | ||
Fødestad | Milutovac i Jugoslavia (no Serbia) | ||
Høgd | 179 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1989-1992 | Raude Stjerne | 62 | (11) |
1992 | → Rad (lån) | 16 | (7) |
1992-1995 | Sampdoria | 81 | (18) |
1995-1997 | Juventus | 56 | (8) |
1997-1998 | Lazio | 27 | (2) |
1998-1999 | Atlético Madrid | 17 | (3) |
1999-2001 | Inter | 38 | (3) |
2001-2003 | Monaco | 19 | (0) |
2003-2004 | Admira Wacker | 25 | (3) |
2004-2005 | Ahlen | 19 | (2) |
Totalt | 360 | (57) | |
Landslag | |||
1991-2002 | Jugoslavia | 41 | (3) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |