Vladimir Kisjkun (fødd 5. november 1951) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar som deltok for Sovjetunionen. Han vart europameister i stavhopping i 1974.

Vladimir Kisjkun

Statsborgarskap Russland
Fødd 5. november 1951 (72 år)
St. Petersburg
Yrke friidrettsutøvar
Språk russisk

Aktiv endre

Etter å ha sett personleg rekord med 5,20 meter i 1972 hadde Kisjkun ytterlegare framgang dei neste åra. I 1974 gjekk han for fyrste gong over 5,40 meter. Likevel var han ikkje mellom dei største favorittane under europameisterskapen i Roma hausten 1974. Men der sigra han med eit hopp på 5,35 meter, same resultatet nådde sølvmannen Władysław Kozakiewicz frå Polen.

Kijskun vart sovjet-meister i stavhopp i 1974, 1975 og 1977. Under dei olympiske sommarleikane i Montreal i 1976 kom han på 13.-plassen. Hans personlege rekord på 5,55 meter er frå 1977-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  • Friidrott-73.
  • Friidrott-75.