Władysław Kozakiewicz

Władysław Kozakiewicz (fødd 8. desember 1953) er ein polsk, seinare vesttysk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Šalčininkai i Litauen. Han tevla i stavhopp og vart olympisk meister for Polen i øvinga i 1980.

Władysław Kozakiewicz

Władysław Kozakiewicz i 2010
Foto: Ja Fryta
Statsborgarskap Polen, Tyskland
Fødd 8. desember 1953 (70 år)
Šalčininkai
Yrke friidrettsutøvar, politikar
Språk tysk, polsk
Høgd 187 centimeter
Politisk parti Det polske folkepartiet
Władysław Kozakiewicz på Commons

Aktiv endre

Kozakiewicz sette personleg rekord med 5,38 m i 1974. I EM i friidrett 1974 svinga han seg over 5,35 m og tok sølvmedaljen, på same høgda som gullvinnaren Vladimir Kisjkun frå Sovjetunionen. Året etter sette han europarekord med 5,60 m. Han var småskadd då han deltok i OL-tevlinga i Montreal i 1976, der han vart nummer 11. Under europameisterskapen 1978 klarde han 5,45 m og kom på fjerdeplass med 5,45 m, same høgda som bronsevinnaren Rauli Pudas frå Finland.

Den 11. mai 1980 forbetra Kozakiewicz verdsrekorden i stavhopp med to centimeter til 5,72 m under eit stemne i Milano. Rekorden stod berre nokre veker og i vart i løpet av juni og juli månad forbetra to gongar av to ulike franskmenn, Thierry Vigneron og Phillippe Houvion.

Kozakiewicz tok tilbake verdsrekorden då han den 30, juli vart olympisk gullmedaljør i stavhopp under OL 1980 i Moskva. Han svinga seg over 5,78 m, ein cm over den 13 dagar gamle verdsrekord til Houvion. Landsmannen til Kozakiewicz, tittelforsvararen frå Montreal og Sommar-OL 1976, Tadeusz Ślusarski fekk sølv saman med Konstantin Volkov frå Sovjetunionen, begge med høgda 5,65 m.

I 1985 utvandra Kozakiewicz til Vest-Tyskland. Han sette vesttysk rekord med 5,70 meter og vart vesttysk meister i stavhopp i 1986 og 1988.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre