Vladimir Vukicevic
Vladimir Vukicevic (fødd 6. mai 1991) er ein norsk friidrettsutøvar som spesialiserer seg på 110 meter hekk.
Vladimir Vukicevic | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. mai 1991 (33 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i | EM i friidrett 2012, EM i friidrett 2014, EM i friidrett 2016 |
Vladimir er ein yngre bror av Christina Vukicevic og er oppvaksen i Drøbak og Bærum. Far deira, Petar Vukicevic er fem gonger jugoslavisk meister i 110 meter hekk og deltok i sommar-OL 1980 i Moskva. Vladimir Vukicevic har juniorrekorden for 110 meter hekk i Noreg; 14,03. Han sette rekorden den 10. august 2010 i Göteborg.
Vladimir Vukicevic har elles teke gull på NM i friidrett i 2009 og 2010. Under junior-VM 2010 i Canada tok han sølv på 13,59 i motvind på 2,4 m/s. Han deltok også på U23-EM i 2011 og på EM i friidrett 2012 i Helsingfors.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vladimir Vukicevic» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juli 2012.