Opna hovudmenyen
Tidleg vocoder frå 1970-åra, spesialbygd for Kraftwerk.

Vocoder (hankj., frå engelsk Voice encoder ) er innan musikkteknologi eit elektronisk musikkinstrument som smelter saman ulike lydkjelder til éin lyd.

Det kan til dømes vere ei stemme som snakkar inn i ein mikrofon som vert kombinert med lyden av ein akkord på ein gitar. Vocoderen kan då smelte saman dei to lydane slik at det blir høyrandes ut som stemma er i akkorden. Vocoderar som musikkinstrument kan òg ha innebygde lydkjelder (til dømes ein oscillator, eller vere del av ein større synthesizer).

Ein vocoder er òg eit apparat som kan kryptere stemmer i samband med telekommunikasjon.

Musikarar og grupper som nyttar vocoderEndra

KjelderEndra