Volda ferjekai

(Omdirigert frå Volda ferjeterminal)

Volda ferjekai er ein ferjeterminal i Volda sentrum som har ferjesamband over Voldsfjorden med Folkestad og med Lauvstad,[1] som er ein bit av Ulvestadbygda i Dalsfjorden.

Volda ferjekai
StadVolda kommune
Kart
Volda ferjekai
62°08′39″N 6°03′53″E / 62.1442667°N 6.064725°E / 62.1442667; 6.064725

Ferjeturen til Folkestad var ein del av E39 fram til omlegginga av Europavegen langs Kvivsvegen. I dag er sambandet del av riksveg 651.[2]

Ferja til Lauvstad er ein bit av Fylkesveg 652 og fører inn til Eidså i Vanylven.

Volda ferjekai blei utvida i 2018-2020. Den nye ferjekaia på 108 meter opna 4. februar 2020, og er bygd slik at ein kan lada hybridferjer der.[3]

Kjelder endre

  1. «Norgeskart», www.norgeskart.no, henta 12. juli 2021 
  2. «Prosjektbeskrivelse», Statens vegvesen (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 3. august 2021, henta 12. juli 2021 
  3. NRK (4. februar 2020), «Ny ferjekai i Volda fra onsdag», NRK, henta 12. juli 2021