Volda prestegard
prestegard i Volda kommune
62°08′35″N 6°04′29″E / 62.14306°N 6.07472°E
Volda prestegard er nokre hundre meter søraust for Volda kyrkje, på sørsida av Øyraelva. Før 1758 lå prestegarden på nordsida.
Hovudbygningen er eit laftebygg (ca. 1818) i to etasjar, og det finst òg eit stabbur (ca. 1900) og eit eldhus frå 1800-tallet. Sistnemnde er ombygd til garasje med hønsehus i eine enden. Dei tre bygga er freda.
Kjelder
endre- Volda prestebustad Arkivert 2018-09-18 ved Wayback Machine. hos Opplysningsvesenets fond
- Volda prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren