Volda kyrkje
Volda kyrke er ei krosskyrkje i tettstaden Volda i Volda kommune på Sunnmøre.
Volda kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Volda | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Søre Sunnmøre | ||
Sokn | Volda | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | Arnstein Arneberg | ||
Material | stein | ||
Innvigd | 1. mai 1932 | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 540 | ||
Volda kyrkje 62°08′45″N 6°04′03″E / 62.1457°N 6.0674°E | |||
Wikimedia Commons: Volda kirke |
Tidlegare kyrkjer
endreHalkjelsvik, no sentrum i tettstaden Volda, var kyrkjestad alt kring år 1200. På 1400 talet stod her ei stavkyrkje. Ho vart påbygd fleire gonger til ho vart nedreven i 1858, og erstatta av ei ny krosskyrkje i tre. Dette var ei av dei største trekyrkjene i landet. Ho brann natt til 7. april 1929. Ikkje noko av det tildels svært gamle inventaret vart redda.
Den noverande kyrkja
endreDet vart vedteke å bygg opp ny kyrkje i stein. Ho er reist etter teikning av arkitekt Arnstein Arneberg. Den grovhogne gråsteinen i yttermuren er teken om lag ein kilometer vest for kyrkja. Innvendig vart det bygd ein frittståande kvelving i jarnbetong. Kyrkja er 43,5 meter lang og 16 meter brei. Tverskipet er 29 meter. Høgda under kvelven er 11 meter. Mønehøgda 15 meter. Høgd på spiret er 40 meter. Meister under bygginga var J. Strømsheim frå Sykkylven.
Kyrkja vart vigsla 1. mai 1932 av biskop Andreas Fleischer. Koret er pryda av ei freskomåling av Hugo Lous Mohr. Det biletet, som den gongen var det største freskoarbeidet i Noreg, stod ferdig til jul i 1932.
Andre kyrkjer i Volda
endreKjelder
endre- Wilhelm Kvalheim: Volda Kyrkje. Volda 1960
Bakgrunnsstoff
endre- Digitalt fortalt om kyrkjene i Volda
- Div. (2007). Volda kyrkje 75 år. Volda: Volda sokneråd.
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Volda kyrkje». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 303. ISBN 82-75-27022-7.
- «Volda kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Volda kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren