Vulkanboge
Ein vulkanboge er ei rekkje vulkanske øyar eller fjell danna av platetektonikk der ei havplate forsvinn under ei anna jordskorpeplate og dannar magma. Det er to typar vulkanbogar. Havbogar (ofte kalla øybogar, ein type øygruppe) og kontinentalbogar. For havbogar forsvinn ei havplate under ei anna havplate. Enkelte stader kan ein finne begge typar vulkanbogar langs same subduksjonssone om ei plate forsvinn under ei plate som både er dekt av land og hav.
To klassiske døme på havbogar er Marianaøyane vest i Stillehavet og Dei små Antillane vest i Atlanterhavet. Kaskadevulkanane vest i Nord-Amerika og Andesfjella langs vestsida av Sør-Amerika er døme på kontinentale vulkanbogar. Det beste dømet på vulkanbogar som strekkjer seg både til havs og over land er vulkanbogen som utgjer Aleutane og Dei aleutiske fjella på Alaskahalvøya og Kuril-Kamtsjatka-bogen som består av Kuriløyane og den sørlege Kamtsjatkahalvøya.
Petrologi
endreI subduksjonssoner fører tapet av flyktige bestanddelar i plata som vert pressa nedover til delvis smelting i mantelen og dette skaper kalkalkalisk magma med låg tettleik som stig og trenger seg opp i litosfæren til plata over.
På sida av ein øyboge der plata vert pressa under den andre får ein ei djup og smal djuphavsgrop, som er er grenseflata mellom dei to platene. Denne gropa vert danna ved at den subduserande plata dreg med seg ytterkanten av den overliggande plata nedover. Det oppstår ofte jordskjelv langs desse subduksjonssonene med seismisk hyposenter djupt under øybogane. Desse skjelva definerer Wadati-Benioff-soner.
Døme
endreKontinentale bogar
endreØybogar
endre- Aleutane
- Kuriløyane
- Japan og Ryukyuøyane
- Izuøyane og Boninøyane
- Filippinane
- Marianaøyane
- Tonga og Kermadecøyane
- Ogasawaraøyane
- Kreta og Dodekanesane
- Andaman- og Nicobarøyane
- Mentawaiøyane
- Sundabogen
- Dei små Sundaøyane
- Tanimbar og Kaiøyane
- Salomonøyane
- Dei små Antillane, inkludert Leewardøyane
- Sør-Sandwichøyane
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Volcanic arc» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Subduction Zone Volcanism Arkivert 2018-12-29 ved Wayback Machine.
- Tectonics and Volcanoes of Japan Arkivert 2007-02-04 ved Wayback Machine.
- USGS: Island-Arc, Oceanic, and Continental Volcanoes