Vulkansk platå er eit platå danna gjennom vulkansk aktivitet. Det finst to hovudtypar: lavaplatå og pyroklastiske platå.

Lavaplatå endre

 
Pajaritoplatået i New Mexico i USA er eit døme på eit vulkansk platå.

Lavaplatå blir danna av lettflytande basaltisk lava gjennom ei rad rolege utbrot (utan eksplosjonar) gjennom ei rekkje ventilar.

Når desse utrbota skjer fleire gonger etter kvarandre kan dei dekkja det opphavlege landskapet og byggja opp eit platå som kan innehalda lavasletter, sinderkjegler, skjoldvulkanar og andre vulkanske landformer. I nokre høve kan lavaplatå vera del av ein enkelt vulkan. Eit døme på dette er den store skjoldvulkanen Level Mountain nord i Britisk Columbia i Canada.[1]

Andre døme på lavaplatå er Columbia-platået i Nord-Amerika og det undersjøiske Ontong Java-platået i Stillehavet.

Pyroklastisk platå endre

Pyroklastiske platå blir danna av store pyroklastiske straumar og er danna av pyroclastiske bergartar: agglomerat, tefra, vulkansk oske omdanna til tuff, mafiske eller felsiske mineral. Pyroklastiske platå blir også kalla ignimbritt-platå.

Nokre døme er Shirasu-Daichi, som dekkjer nesten heile sørlege Kyūshū i Japan,[2] og North Island Volcanic PlateauNordøya på New Zealand.

Central Plateau på Nordøya som viser tre aktive vulkantoppar: Snødekte Ruapehu (venstre), koniske Ngauruhoe (midten) og den breie Tongariro (høgre)


Kjelder endre

  1. Wood, Charles A.; Kienle, Jürgen (2001). Volcanoes of North America: United States and Canada. Cambridge: Cambridge University Press. s. 121. ISBN 978-0-521-43811-7. OCLC 27910629. 
  2. «Kyushu -- GLGArcs». www.glgarcs.rgr.jp. Arkivert frå originalen 10. april 2016. Henta 25. mai 2019.