Wadi al-Far'a
Wadi al-Far'a (arabisk وادي الفارعة) er ein palestinsk landsby i Tubas guvernement nordaust på Vestbreidda fem kilometer sørvest for Tubas. Han høyrer til Den palestinske sjølvstyresmakta og ligg like ved Far'a flyktningleir.[1] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Wadi al-Far'a eit folketal på 2 340 innbyggjarar.[2]
Wadi al-Far'a | |||
وادي الفارعة, Wadi al-Fari'ah, Tarza'a | |||
kommune | |||
Namneopphav: Kvistedalen | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tubas guvernement | ||
Koordinatar | 32°17′37.40″N 35°20′40.06″E / 32.2937222°N 35.3444611°E | ||
Areal | 12,0 km² | ||
Folketal | 2 340 (2006) | ||
Folketettleik | 195 / km² | ||
Grunnlagd | 1960-åra | ||
• Bystatus | 1996 | ||
Wadi al-Far'a 32°17′37″N 35°20′40″E / 32.293722°N 35.344461°E | |||
Kart som viser Wadi al-Far'a.
| |||
Wikimedia Commons: Wadi al-Far'a (village) |
Arkeologi
endreWadi al-Far'a ligg nær fleire arkeologiske funn frå tyngre yngre steinalder frå Qaraoun-kulturen. Tre stader i nærleiken vart oppdaga av Francis Turville-Petre mellom 1925 og 1926 kalla Wadi Farah, Shemouniyeh og Wadi Sallah.[3][4]
Historie
endreWadi al-Far'a vart tidlegare kalla Tarza'a og det noverande namnet kjem frå den geografiske plasseringa, nær Far'a-kjelda. Området vart tidlegare eigd av innbyggjarar frå Talluza i nærleiken, som brukte det som jordbruksland. I 1960-åra slo innbyggjarar frå Talluza seg ned i området og oppretta ein eigen landsby. I 1996 vart Wadi al-Far'a offisielt fråskild Talluza og fekk status som eigen landsbykommune under Tubas guvernement.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wadi al-Far'a» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Wadi al-Far'a Village Profile Applied Research Institute - Jerusalem. Februar 2006.
- ↑ Projected Mid -Year Population for Tubas distrikt by Locality 2004- 2006 Arkivert 2008-04-24 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå.
- ↑ Moore, A.M.T. (1978). The yngre steinalder of the Levanten. Oxford University, Unpublished Ph.D. Thesis. s. 446–447.
- ↑ Francis Adrian Joseph Turville-Petre; Dorothea M. A. Bate; Sir Arthur Keith (1927). Researches in prehistoric Galilea, 1925-1926, s. 108. The Council of the School (British School of Archeology in Jerusalem). Henta 20. januar 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Wadi al Far'a (Fact Sheet), The Applied Research Institute - Jerusalem. Februar, 2006