Wager Bay
Wager Bay eller Ukkusiksalik-bukta er ei lang, smal bukt i Kivalliqregionen i Nunavut i Canada. Ho munnar ut i Roes Welcome Sound i nordvestenden av Hudson Bay.[1] Ukkusiksalik nasjonalpark ligg rundt bukta.
Wager Bay | |||
bukt | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Territorium | Nunavut | ||
Region | Kivalliq | ||
Wager Bay 65°30′55″N 88°52′10″W / 65.515239°N 88.869324°W | |||
Wikimedia Commons: Wager Bay |
Historie
endreWager Bay blei fyrst kartlagd av Christopher Middleton under polutforskinga hans i 1742.[2] Han gav henne namn etter sir Charles Wager. Middleton sat fast i bukta i tre veker til han fekk isfri veg gjennom Roes Welcome Sound. I 1747 sendte William Moor båtar til den inste delen av bukta.
Geografi
endreKystlinja til bukta er 150 km (93 miles) lang.[3] Ho skjer gjennom eit tundralandskap. Høgda her er 51 meter over havoverflata. Bukta har vasstilførsel frå ei dreneringsområde på 28,551 km² via fleire små elvar, som Brownelva og Silaelva. North Lake, South Lake, Brown Lake og Ford Lake ligg i nærleiken.[4][5]
Galleri
endre-
Sila Lodge ved Wager Bay i juli 1996
-
Isbjørn på isflak i Wager Bay, juli 1996
-
Storkobbe på isflak i Wager Bay, juli 1996
Kjelder
endre- ↑ Hayes, Derek (2008). Canada: An Illustrated History. Douglas & McIntyre. s. 55. ISBN 978-1-55365-259-5.
- ↑ Hall, Charles Francis (9. april 1871). «Geographical Discoveries in the Arctic Regions». Journal of the American Geographical Society of New York (jstor.org) 3: 216–221. JSTOR 196418. doi:10.2307/196418.
- ↑ Struzik, Edward; Mike Beedell (1991). Northwest Passage: the quest for an Arctic route to the east (Digitized Oct 4, 2008 utg.). Key Porter Books. s. 53. ISBN 1-55013-181-8.
- ↑ «NHN Drainage Area 06OB000 – Western Hudson Bay – Wager Bay» (PDF) (1.0 utg.). Canadian Council on Geomatics. Arkivert frå originalen (PDF) 3. mars 2016. Henta 13. november 2022.
- ↑ Dredge, L.A.; I. McMartin (2005). «Postglacial marine deposits and marine limit determinations, inner Wager Bay area, Kivalliq Region, Nunavut» (PDF). Geological Survey of Canada.
- Denne artikkelen bygger på «Wager Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2022.
Bibliografi
endre- Pelly, D. F. (2016). Ukkusiksalik: The People's Story. Toronto: Dundurn. ISBN 9781459729896.