Wahhabisme
Wahhabisme er ei svært streng fundamentalistisk retning innan sunniislam, grunnlagd av Muhammad ibn Abd al Wahhab på den arabiske halvøya på 1700-talet.
Tilhengarane strevar etter å følgje Koranen og sunna slik profeten Muhammed og dei første generasjonane av muslimar etter han gjorde. Dei brukar for å oppnå dette dei forklaringane som al Wahhab skreiv om Koranen i boka Kitab al-Tawhid («Boka om monoteismen»), som inneheld ei svært detaljert tolking av koss religionen skal praktiserast. Boka fordømmer blant anna musikk, spel og annan moro, og kjem med reglar for klede og åtferd. Læra er sterkt kritisk til alle andre retningar og tolkingar, særleg sjiaislam, som blir sedd som ei kjettersk sekt.
Wahhab gjekk i allianse med Muhammed ibn Saud, forfar til dagens herskarar i Saudi-Arabia, og læra hans vart innført i dei områda ibn Saud erobra. Da huset Saud tok makta på mest heile halvøya, vart retninga med det statsreligion i Saudi-Arabia.
I dag blir wahhabismen støtta av statane Saudi-Arabia og Qatar, men wahhabistisk misjon har spreidd læra langt utom grensene for desse landa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wahhabism» frå Wikipedia på svensk, den 5. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- The Wahhabi Myth webplass som forsvarar wahhabismen.
- The Wahabia Movement: The True Image Arkivert 2006-09-23 ved Wayback Machine. kritikk mot wahhabismen