Waipu
Waipu er ein liten by på New Zealand med sterk skotsk kulturarv. Han ligg i Bream Bay i Whangareidistriktet i regionen Northland. Ved folketeljinga i 2006 hadde byen 1491 innbyggjarar.
Waipu | |||
busetnad | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Folketal | 1 038 (6. mars 2018)[1] | ||
Waipu 35°59′00″S 174°27′00″E / 35.9833°S 174.45°E | |||
Wikimedia Commons: Waipu, New Zealand |
Historikk
endreWaipu var sentrum i ein betydeleg presbyteriansk busetnad leia av av den karismatiske presten Norman McLeod, som førte tilhengjarane sine frå høglandet i Skottland til New Zealand via St. Ann's på Nova Scotia og Australia. Fem skipslaster med i alt nesten 1000 nybyggjarar kom til Waipu i 1850-åra, og blant immigrantane var folk som drog ut frå Skottland alt i 1817, mellom dei presten.
I 1914 vart det stukke ut ei jarnvegslinje mellom North Auckland Line og Waipu for å vera til nytte for landbruksverksemdene i området. Bygginga av linja vart utsett p.g.a. den første verdskrigen, men i 1920 vart 25 menn sette i gang med grunnarbeidet. Alt kring 1924 var private motorkøyrety vorte meir vanlege, og utbygging av jarnvegslinjer i tynt folkesette område mindre naudsynte. Det var heller ikkje noko nevneverdig industriell aktivitet i Waiputraktene, så sidelinja syntest ikkje lenger økonomisk, og bygginga vart avslutta før det var blitt lagt ei einaste skjene.[3]
Attraksjonar
endreEit årleg høgdepunkt i byen er «Høglandsleikane» (Highland Games) som vert skipa til ved nyttårstider.
Like utanfor byen ligg grottene Waipu Caves, som er kjende for å vera tilhaldsstad for ei mengd jonsokormar.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
- ↑ Geoffrey B. Churchman and Tony Hurst, The Railways of New Zealand: A Journey Through History (Auckland: HarperCollins, 1991), pg. 100.
Bakgrunnsstoff
endre- Waipu Online Arkivert 2007-07-06 ved Wayback Machine.
- Waipu Museum
- Waipu presbyterianske kyrkje (engelsk) Arkivert 2007-02-18 ved Wayback Machine.