Waitakere City er ein bydel som ligg i den vestlege delen av metropolen AucklandNew Zealand. Frå 1989 til 2010 var han rekna som eit eige byområde og den femte største byen i landet, med ein folketilvekst på 2 % i året. Fleirtalet av innbyggjarane bur nær den austlege grensa ved Waitemata Harbour og nabobyen Auckland City.

Waitakere
bydel
Land  New Zealand
Region Auckland
By Auckland
Kart
Waitakere
36°55′03″S 174°39′28″E / 36.91754°S 174.65773°E / -36.91754; 174.65773
Wikimedia Commons: Waitakere City

Dei skogkledde åsane Waitakere Ranges dominerer den vestlege horisonten av byen. Dei strekker seg frå dei kuperte surfestrendene ved Tasmanhavet til ei høgd på meir enn 400 meter.

Namnet på byen kjem frå ein maori-høvding og blei opphavleg gjeve ein landsby nær den nordlege grensa av den noverande byen og seinare til byen sjølv.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.