Auckland City er eit tidlegare administrative område innan Auckland. Territoriet dekkjer eidet som bind saman Nordøya på New Zealand med ei stor halvøy som stikk nord i Stillehavet. Somme øyar i Haurakibukta går òg inn i byen. Styret for regionen Auckland har sete i Auckland City.

Auckland City: Oransje farge viser området Auckland City innanfor samansmeltinga Auckland i grått. Bysenteret er markert med ein ring. Merk at øyar i indre og ytre Hauraki Gulf òg går inn i Auckland City.

Historie endre

Sentralregjeringa på New Zealand omstrukturerte det lokale styresettet i landet i 1989. Då vart Auckland City slegen saman med åtte andre og mindre einingar til ein ny og større Auckland City. Den nye byen fekk dobbel folkesetnad i høve til den gamle og fusjonen definerte dagens geografiske grenser for byen. Auckland City inngår i det bymessige område Auckland saman med dei andre urbane nabobyane North Shore, Waitakere og Manukau. I 2010 blei det oppretta ei sameint styresmakt for alle desse områda, Auckland Council.

Geografi endre

Hovuddelen av Auckland City ligg på eit eid (landbru). Waitemata Harbour, som opnar mot Haurakigolfen i nord, skil eidet frå North Shore byen. Manukau Harbour opnar mot Tasmanhavet i sør. Øyane i den indre golfen omfattar Rangitoto, Motutapu, Browns Island, Motuihe, Rakino, Ponui og Waiheke, medan den ytre golfen inkluderer Hauturu/Little Barrier Island, Great Barrier Island og Mokohinau Islands. Ein signifikant del av det sentrale forretningsområdet er bygd på tomtegrunn som vart utvikla igjennom dei siste hundreåra.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre