Regionen Auckland
Regionen Auckland er ein av dei seksten regionane på New Zealand, og har fått namn etter Auckland City, den store byen som ligg midt i regionen. Dette er den mest folkerike regionen på New Zealand, og også den mest velståande økonomisk sett. Den 1. november 2010 vart Regionen Auckland ei sameint styresmakt underlagt Auckland Council, som erstatta det tidlegare regionstyret og sju lokale distriktsstyre. I denne prosessen vart eit område i det søraustlege hjørnet overført til naboregionen Waikato.
Regionen Auckland | |||
region | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Folketal | 1 462 000 (Estimat juni 2010[1]) | ||
![]() Regionen Auckland | |||
Wikimedia Commons: Auckland Region | |||
Nettstad: http://aucklandcouncil.govt.nz | |||
GeografiEndra
Regionen ligg på Nordøya og strekkjer seg frå munningen til Kaipara Harbour i nord, over dei sørlege delane til halvøya North Auckland Peninsula, forbi Waitakere Ranges og eidet der Auckland ligg, til Hunua Ranges og søretter låglandet til Manukau Harbour. Regionen sluttar nokre få km frå utløpet til elva Waikato River. Han grensar i nord til regionen Northland, og i sør til regionen Waikato. Øyene i Haurakigolfen høyrer òg med til regionen.
Hunua Ranges og den tilstøytande kystlinja langs Firth of Thames var ein del av regionen fram til danninga av Auckland Council sist i 2010, då dei vart overføre til regionen Waikato.
Landarealet er det minste av alle newzealandske regionar og territoriale distrikt utanom Nelson. Det høgaste punktet i regionen er fjellet Mount Hauturu som ligg på øya Little Barrier Island, og som måler 722 moh.
Territoriale farvatnEndra
Stillehavet og Tasmanhavet dannar kystlinja kring regionen Auckland. Austkysten grensar mot Haurakigolfen, ein arm av Stillehavet som ligg i ly av ei betydeleg mengde større og mindre øyer, mellom dei Great Barrier Island i nordaust. Ein arm av Hauraki, Waitematahamna dannar hovudhamna i Auckland City. Kystlinja til regionen måler 1 613 km. Mykje av kystområda omfattar følsame marine [[tidvatn|tidvassområde¨¨ og elveutløp og dei halvt innestengde havbuktene Waitemata, Manukau og Kaipara.
Mot vest ligg to store, naturlege hamner, Kaipara og Manukau. På grunn av vanskelege seglingsfarvatn ved innløpa er desse hamnene lite bruka av skipsfarten. Kaipara Harbour, der den sørlege delen ligg i regionen Auckland, er ei av dei største naturlege hamnene i verda, og dekkjer ei flate på 530 km². Manukau Harbour, som ligg i den sørvestlege delen av regionen, har ei lita hamn i Onehunga, men her er det også vanskelege seglingstilhøve - særleg i sørvestleg vind som er den mest vanlege vindretningen. Flyplassen Auckland International Airport ligg inntil Manukau Harbour Regionen har mange fine strender, særleg ved Tasmankysten sør for Kaipara. Mellom desse er strendene Muriwai og Piha.
Vulkanske områdeEndra
Mykje av dei urbane områda i Auckland ligg i det vulkanske området Auckland Volcanic Field. Området er spekka med 49 vulkanar av ulik alder, dei eldste i regionen er 150 000 år gamle. Det siste utbrotet fann stad for om lag 600 år sidan, dette avslutta nokre få hundre års vulkansk aktivitet då øya Rangitoto Island vart danna.
Kvart vulkansk utbrot har hatt tendens til å vera større enn det førre, og Rangitoto utgjer nesten 60 % av det vulkanske materialet i området. Alle vulkanane er heller små, dei fleste under 150 meter høge.
Ein stor del av vulkanane i Auckland er gjennom åra blitt utjamna eller sterkt endra — for ein liten del brukte māoriar dei i historisk tid som forskansa landsbyar (pa), eller til jordbruksland anlagt i terrassar, men for det meste har det vore utgravingar i nyare tid, og massane er då brukte til vegbygging og andre former for byggematerialar. Det er no teke åtgjerder for å ta vare på mange av dei vulkanane som er att, og bruka dei som landemerke eller parkar.
VêrlagEndra
Regionen Auckland har temperert klima, varmt og fuktig om sommaren, kjøligare og rått om vinteren. Gjennomsnittstemperaturen i januar er frå 21-24 °C. Februar er gjerne varmare enn januar og maksimumstemperaturen i juli er mellom 14-16 °C. Nedbøren er rikeleg nesten heile året (over 1200 mm årleg), særleg om vinteren. Vêrlaget kan variera lokalt i ulike delar av regionen av topografiske årsaker (åsar og trevokstrar) og vekslande vindar som kjem inn frå havet.
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur | 23,3°C 73,94°F |
23,7 °C 74,7 °F |
22,4 °C 72,3 °F |
20,0 °C 68,0 °F |
17,4 °C 63,3 °F |
15,2 °C 59,4 °F |
14,5 °C 58,1 °F |
15,0 °C 59,0 °F |
16,2 °C 61,2 °F |
17,8 °C 64,1 °F |
19,6 °C 67,3 °F |
21,6 °C 70,9 °F |
18,9°C 66,0°F | |
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur | 15,3°C 59,6°F |
15,8 °C 60,5 °F |
14,6 °C 58,3 °F |
12,3 °C 54,2 °F |
10,0 °C 50,0 °F |
8,0 °C 46,4 °F |
7,1 °C 44,8 °F |
7,6 °C 45,7 °F |
8,9 °C 48,0 °F |
10,5 °C 50,9 °F |
12,1 °C 53,78 °F |
13,9 °C 57,0 °F |
11,3°C 52,4°F | |
Gjennomsnittleg total nedbør | 75 mm 2.95 " |
65 mm 2.56 " |
94 mm 3.70 " |
105 mm 4.13 " |
103 mm 4.06 " |
139 mm 5.47 " |
146 mm 5.75 " |
121 mm 4.76 " |
116 mm 4.57 " |
91 mm 3.58 " |
93 mm 3.66 " |
91 mm 3.58 " |
1240 mm 48.82 " | |
Gjennomsnittleg tal på regnvêrsdagar | 8 | 7 | 9 | 11 | 12 | 15 | 16 | 15 | 14 | 12 | 11 | 9 | 137 | |
Kjelde: Niwa Science climate data |
InnbyggjararEndra
Trass i den vesle storleiken er regionen langt den mest folkerike på New Zealand med eit folketal på 1 462 000 (estimat juni 2010), om lag 33 % av innbyggjarane i landet. Regionen veks snøggare enn nokon annan del av landet, og folketalet har gått opp med meir enn 240 000 dei siste ti åra — ein auke på meir enn 22% (i følgje folketeljingane i 1996, 2001 og 2006). I følgje folketeljinga frå 2001, bur det i Aucklandregionen 26,3 prosent av New Zealand sine innbyggjarar med europeisk bakgrunn, 24,3 prosent av den totale māoripopulasjonen (det same i 2006), 66,7 prosent av frå Stillehavsøyene, 63,7 prosent av alle med asiatisk avstamming og 54,7 prosent av alle som høyrer til andre etninske grupper. Denne statistikken set lys på det etniske mangfaldet i Aucklandregionen, særleg når ein samanliknar med resten av New Zealand.
Regionen omfattar byane i Auckland metropolitan area, mindre byar, landområde og øyene i Haurakigolfen.
AdministrasjonEndra
RegionenEndra
Fram til omorganiseringa var Aucklandregionen er styrt av regionrådet, Auckland Regional Council, som var ei vidareføring av Auckland Regional Authority. Regionrådet (vanlegvis kalla ARC) hadde heller liten kontroll over byen, og tok seg mest av miljøvern, løyvingar til offentleg transport og tilsyn med parkar og kystområde i regionen. Myndet over andre saker var lagt til lokale territorialstyresmakter, Territorial Local Authorities (TLA), som det var sju av i Aucklandregionen, fire byar og tre distrikt. Auckland Council er ei sameint styresmakt som no styrer over alle desse sakene.
DistriktEndra
Distrikta som opphøyrde som sjølvstendige lokale administrative einingar 1. november 2010 var:
Rodney District som ligg nord for byområda i Auckland og omfatta byane Orewa, Warkworth, Helensville og Wellsford.
Papakura District ligg i sør. Det omfatta ein forstad med same namn.
Franklin District ligg lenger mot sør, og den nordlege delen av dette distriktet høyrde til Aucklandregionen (den sørlege halvdelen låg i Waikatoregionen). Franklin omfatta byane Waiuku og Pukekohe.
ByarEndra
Mellom dei stort sett landlege distrikta Rodney og Franklin ligg ligg dei utbreidde tettare bygde områda til dei fire største byane i regionen. Auckland omkransar Waitematahamna og strekker seg sørover frå Auckland eidet langs breiddene til Manukau Harbour. Han breier seg også nordover langs kysten til Haurakigolfen til Waiwera.
Auckland City dekker det meste av eidet.
North Shore City ligg tvers over Waitemata frå Auckland City.
Waitakere City ligg vest for Auckland City, nedunder dei austlege sidene til åsrekkja Waitakere Ranges.
Manukau ligg sør for Auckland, nær den austlege stranda til hamna som han har gjeve namn til. Auckland International Airport ligg i Manukau City.
«Stor-Auckland» strekkjer seg også litt utanom desse fire byane og inn i tilstøytande delar av dei tidlegare distrikta Papakura, Franklin og Rodney.
HelsedistriktEndra
Tre helsedistrikt District Health Board (DHB) dekkjer Aucklandregionen. Det er Waitemata Health, Auckland District Health Board og Counties Manukau Health.
Administrativ strukturendringEndra
Gjennom fleire år vart det — i samband med diskusjonar om auka rentekostnader og planar om å betra dei offentlege tenestene i regionen — reist spørsmål om ei vidare samanslåing av dei lokale administrasjonseiningane i Auclandregionen. I hovudsak dreia dette seg om samanslåing av dei tettliggjande byane i Auckland, og det var òg på tale å danna ein territorial region (unitary authority), d.v.s. avskaffa distriktsstyra og berre ha att eit regionstyre for alle offentlege funksjonar, som i t.d. Nelson. Dette vart altså gjennomført 1. november 2010.
KjelderEndra
- Engelsk Wikipedia om regionen Auckland den 21. oktober 2007
- Subnational Population Estimates: At 30 June 2006 Arkivert 2008-05-28 ved Wayback Machine.
- Statistics New Zealand, QuickStats About Auckland Region Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine..
- Referansar
BakgrunnsstoffEndra
- Auckland Regional Counci — Regionstyret
- Auckland City Council — Bystyret (distriktsstyret)
- Waitakere City Council — Bystyret (distriktsstyret) Arkivert 2005-04-22 ved Wayback Machine.
- North Shore City Council — Bystyret (distriktsstyret) Arkivert 2006-08-08 ved Wayback Machine.
- Manukau City Council — Bystyret (distriktsstyret) Arkivert 2004-12-16 ved Wayback Machine.
- Om vulkanfeltet i Auckland Arkivert 2009-10-08 ved Wayback Machine.