Waitangi

Waitangi er ein tettstad som ligg i Bay of IslandsNordøyaNew Zealand. Han ligg nær byen Paihia (som han no vert rekna som ein del av), 60 kilometer nord for Whangarei. Namnet tyder «gråtande vatn»māori. Folketalet var 792 ved folketeljinga i 2006. Dei fleste lever av turisme, somme og av fiske og båtbygging.

Waitangi
busetnad
00 1563 Waitangi Treaty Grounds, National Reserve (NZ).jpg
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Map
Waitangi
35°15′58″ S 174°4′48″ E
Wikimedia Commons: Waitangi

Grunnlegginga til nasjonenEndra

 
Waitangi House (Treaty House)

Waitangitraktaten (engelsk: Treaty of Waitangi, māori: Te Tiriti o Waitangi) vart først underteikna 6. februar 1840 i eit provisorisk telt som vart sett opp ved bustaden til den offisielle engelske representanten James Busby i Waitangi. Traktaten vart underteikna av representantar frå den britiske kruna, māorihøvdingar i konføderasjonen av United Tribes of New Zealand (dei sameinte stammane på New Zealand) og andre leiarar av māoristammar. Seinare vart traktaten underteikna av andre māorileiarar andre stader på New Zealand. Traktaten gjorde New Zealand til ein britisk koloni, og er sett på som grunnleggingsdokumentet til den newzealandske nasjonen. Waitangi Day, den 6. februar, er den årlege høgtidinga av underteikninga, og dagen er òg New Zealand sin nasjonaldag.

 
Te Whare Runanga (Maoriane sitt møtehus).

Under førebuingane til New Zealand sitt hundreårsjubileum i 1940, vart bustadhuset til James Busby, Treaty house, restaurert i 1930-åra, og møtehuset Te Whare Runanga vart bygt ved sida av det. Dette auka merksemda om traktaten frå pākehā si side for første gongen sidan det 19. hundreåret.

Koordinatar: 35°15′58″S 174°04′48″E