Wakenitz

Wakenitz er ei elv søraust i Schleswig-Holstein med utspring i Ratzeburger See i Ratzeburg. Ho er om lag 14,5 km lang og munnar ut i Trave i Lübeck. Det meste av austsida av elva dannar grensa mellom Schleswig-Holstein og Mecklenburg-Vorpommern. Etter den andre verdskrigen danna elva ein del av jernteppet mellom Vest- og Aust-Tyskland. Wakenitz har eit nedslagsfelt på om lag 445 km².

Wakenitz
elv
WakenitzBeiRotenhusen.jpg
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Nedslagsfelt 445 km²
Renn gjennom Lübeck
Lengd 14,5 km
Kjelde Ratzeburger See
Munning Trave

Wakenitz
53°46′47″ N 10°45′59″ E
Wikimedia Commons: Wakenitz

KjeldeEndra