Wales Coast Path
Wales Coast Path (walisisk Llwybr Arfordir Cymru) er ein langdistanse-tursti som går langs heile kystlinja i Wales. Stien vart opna 5. mai 2012, og byr på ei 1400 km lang vandringsrute frå Chepstow i sør til Queensferry i nord.[1]
Wales er det første landet i verda som kan tilby ein dedikert tursti langs heile kystlinja si. Stigen går gjennom elleve nasjonale naturreservat og andre verneområde, inkludert dei som er administrerte av The Wildlife Trusts eller Royal Society for the Protection of Birds (RSPB).[2] Lonely Planet rangerte kysten av Wales på topp i si kåring Best in Travel: top 10 regions for 2012.[3]
Galleri
endre-
Strumble Head fyr
-
Ceibwr Bay, utsyn nordover mot Cemaes Head
-
Mellom Pwllgwaelod og Fishguard
-
Mwnt
-
Newborough-stranden og Llanddwy-øya
Referansar
endre- ↑ BBC News Wales - All-Wales coast path nears completion Besøkt 2. juni 2014
- ↑ www.firstnature.com - wales Coast Path Besøkt 2. juni 2014
- ↑ Lonely Planet - Lonely Planet’s Best in Travel: top 10 regions for 2012 Besøkt 2. juni 2014