Walter Crane
Walter Crane (15. august 1845–14. mars 1915) var ein engelsk biletkunstnar og illustratør. Han laga måleri, illustrasjonar, barnebøker, keramiske fliser og ulike typer dekorativ kunst. Walter Crane var sosialist og var aktiv i arts and crafts-rørsla.
Walter Crane | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 15. august 1845 Liverpool |
Død |
14. mars 1915 (69 år) |
Yrke | kunstmålar, illustratør, teiknar, biletkunstnar |
Far | Thomas Crane |
Mor | Marie Kearsley |
Walter Crane på Commons |
Walter Crane er rekna som den mest produktive og innverknadsrike barnebokillustratøren i sin generasjon saman med Randolph Caldecott og Kate Greenaway. Illustrasjonane hans var vakre, fargerike og detaljerte i den samtidige dekorative og romantiske stilen. Motiva var ofte figurar, gjerne med historiske draktar, i tillegg til plantar og dyr.
Galleri
endre-
'Kong Midas med dotter' frå A Wonder Book for Boys and Girls frå 1893
-
Dekorativ og romantisk illustrasjon av Walter Crane til eventyret om Raudhette.
-
Boka Line and Form av Crane frå 1914.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Walter Crane» frå Wikipedia på bokmål, den 19. september 2021.