Wandelhavet
hav
Wandelhavet (også kjent som McKinleysjøen[1]) er eit bihav til Polhavet (Nordishavet) utanfor nordaustkysten av Grønland. Havet strekker seg nordaust for Grønland til Svalbard. Hav lengre nord og nordvest for Wandelhavet er frosne året rundt. Wandelhavet strekker seg så langt vest som Kapp Morris Jesup. Lengre vest går det over i Lincolnhavet. I sør strekker havet seg til Nordøstrundingen på Grønland. I sør grensar Wandelhavet til Grønlandshavet gjennom Framsundet.
Wandelhavet | |||
hav | |||
Land | Grønland | ||
---|---|---|---|
Del av | Polhavet | ||
Wandelhavet 82°15′N 17°00′W / 82.25°N 17°W | |||
Wikimedia Commons: Wandel Sea |
Havet er kalla opp etter den danske offiseren Carl Frederik Wandel, som deltok i fleire ekspedisjonar rundt Grønland.
Kjelder
endre- ↑ Seas of the World «Arkiverade kopian». Arkivert frå originalen 31. mai 2007. Henta 3. juni 2008. Arkivert 2007-05-31 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Wandels hav» frå Wikipedia på svensk, den 22. september 2022.