Wang Zheng (fødd 14. desember 1987) er ein kinesisk friidrettsutøvar frå Xi'an som tevlar i sleggjekasting. I tida 2013-19 vann ho tre VM-medaljar i øvinga, ein sølvmedalje i London i 2017 og to bronsemedaljar. År 2021 fekk ho sølv i dei olympiske sommarleikane i Tokyo.

Wang Zheng


Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 14. desember 1987 (36 år)
Xi'an
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2008 – Sleggekast damer, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, Asialekene 2010, Asialekene 2014, Asiamesterskapet i friidrett 2013, Østasiatiske leker 2009, Friidrett under Sommar-OL 2016 – Sleggekast kvinner, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Sleggekast kvinner

Aktiv endre

Wang vart nummer 4 med 74,90 meter og personbeste under VM 2013, ei plassering som sidan vart omgjort til bronse etter at det vart godtgjort at vinnaren i tevlinga hadde vore dopa i 2012 og skulle ha vore stengt ute frå tevling. 29. mars 2014 kasta Wang i Chengdu sleggja heile 77,68 meter, hennar livs lengste kast. Etter femteplass i VM 2015 sikra ho seg sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen 2017 i London, slått med knappe 2 meter av polske Anita Włodarczyk. I VM 2019 fekk Wang hand om bronsen, langt bakom verdsmeister DeAnna Price frå USA og Joanna Fiodorow frå Polen. Sommaren 2021 deltok Wang i Sommar-OL for tredje gong og lukkast vinne ein olympisk medalje i sølv.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre