Joanna Fiodorow (fødd 4. mars 1989) er ein polsk sleggjekastar frå Augustów. Ho vann i 2019 VM-sølv i øvinga, tidlegare sikra ho seg bronsemedaljen både i EM 2014 og EM 2018.

Joanna Fiodorow


Statsborgarskap Polen
Fødd 4. mars 1989 (35 år)
Augustów
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett 2011, VM i friidrett 2015, EM i friidrett 2014, Sommer-Universiaden 2015, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Sleggekast damer, Friidrett under Sommar-OL 2016 – Sleggekast kvinner, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Sleggekast kvinner

Aktiv endre

Fiodorow vart nummer 10 i sleggjekasting under dei olympiske leikane i London i 2012. To år seinare tok ho bronsen i øvinga ved europameisterskapen i Zürich, meteren bakom sølvvinnar Martina Hrašnová frå Slovakia og heile fem meter kortare enn hennar eiga landskvinne, Anita Włodarczyk.

Den 29. juli 2017 sette Fiodorow personbeste med 75,09 meter ved eit stemne Cetniewo. I europameisterskapen 2018 tok ho ein ny bronsemedalje, atter var landskvinna Anita Włodarczyk i ei eiga klasse. Under verdsmeisterskapen i Doha hausten 2019 kasta Fiodorow 76,35 meter, ny livsbeste i sleggjekast og sølvmedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre