Warbah
Warbah (arabisk جزيرة وربة) er ei øy som høyrer til Kuwait i Persiabukta, nær munningen til Eufrat. Ho ligg kring 100 meter aust for det kuwaitiske fastlandet, 1,5 km nord for Bubiyan og 1 km sør for det irakiske fastlandet. Øya er kring 15 km lang og 5 km brei med eit eral på kring 37 km². Ho er hovudsakleg ei stor slamflate.
Warbah | |||
øy | |||
Land | Kuwait | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 30°0′N 48°04′E / 30.000°N 48.067°E | ||
Lengd | 15 km | ||
Areal | 37 km² | ||
Warbah 29°59′38″N 48°04′00″E / 29.993888888889°N 48.066666666667°E | |||
Kart som viser Warbah.
| |||
Wikimedia Commons: Warbah Island |
Warbah har ikkje fastbuande, men staten har ein kystvaktpost kalla M-1 på øya, delvis finansiert av Dei sameinte nasjonane.[1]
I november 1994 akspeterte Irak formelt den SN-teikna grensa mot Kuwait, og dette enda formelt eit tidlegare krav på Warbah.[2]
Tidleg i desember 2002, i opptakten til invasjonen av Irak i 2003, opna eit irakisk skip eld mot to kuwaitiske kystvaktpatruljar nær øya, slik at dei kolliderte. Ein amerikansk tenestemann og to kuwaitiske menn i kystvakta vart skadde i åtaket.[3][4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Warbah Island» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Budget for the United Nation Irak-Kuwait Observation Mission for the period from 1. juli 2001 to 30. juni 2002» (PDF). Dei sameinte nasjonane. 14. januar 2007.
- ↑ «CIA World Fact Book - Irak». everything2.com. 14. januar 2007.[daud lenkje]
- ↑ «Irakis 'shot at Kuwaiti vessels'». BBC. 14. januar 2007.
- ↑ «U.S. Soldier, Two Kuwaiti Coastguards Wounded in Vessel Collision». islamonline.net. 14. januar 2007.