Warnow er ei elv i delstaten Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland. Ho munnar ut i Austersjøen nær byen Rostock. Ho har sitt utspring 10 km nord for Parchim, vest i Mecklenburgische Seenplatte. Ho renn nordover gjennom Sternberg, Bützow og Schwaan før ho når Rostock.

Warnow
elv
Warnow durchbruchstal.jpg
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Nedslagsfelt 3 324 km²
Lengd 155,4 km
Kjelde Mecklenburg
Munning Austersjøen

Warnow
53°30′59″ N 11°51′45″ E
Wikimedia Commons: Warnow

I 2003 vart den første tyske bomvegen, Warnowtunnel, opna, som knyter Rostock til den vestlege breidda av elva.

KjeldeEndra