Rostock er ein by i Tyskland og den største byen i delstaten Mecklenburg-Vorpommern med om lag 200 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Warnow, og bydelen Warnemünde, 12 km nord for sentrum, ligg ved kysten av Austersjøen.

Rostock
Neuer Markt i Rostock
Neuer Markt i Rostock
Neuer Markt i Rostock
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Rostock
Rostock is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Mecklenburg-Vorpommern
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 1000-talet
Geografi
Flatevidd
 - By

181,44 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

1999 868
  1 102/km²
Koordinatar 54°5′0″N 12°8′0″EKoordinatar: 54°5′0″N 12°8′0″E
Høgd over havet 13 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 18001–18147
Telefon-retningsnummer 0381
Bilnummer HRO
Heimeside: www.rostock.de

Geografi endre

Rostock ligg sentralt og nord i Mecklenburg-Vorpommern ved kysten av Austersjøen, og elva Warnow renn gjennom byen.

Dei vestlege og søraustlege delane av byen er tettast folkesett. Rostock strekkjer seg 21,6 km frå Austersjøen og sørover, og 19,4 km frå aust til vest.

Historie endre

 
Stadfesting av byrettane, 1218

1000-talet grunnla polabiske slavarar ein busetnad ved elva Warnow kalla Roztoc (som tyder utviding av elva). Den danske kongen Valdemar I sette byen i brann i 1161. Etter dette vart staden busett av tyske kjøpmenn. I byrjinga var det tre byar her:

  1. Altstadt (Gamlebyen) rundt Alter Markt (Gamlemarkedet) med St. Petri
  2. Mittelstadt (Midtbyen) rundt Neuer Markt (Nyemarkedet) med kyrkja St. Marien
  3. Neustadt (Nybyen) rundt Hopfenmarkt (Humlemarkedet) med kyrkja St. Jakobi, som i dag ikkje finst meir.

Byen byrja å bløme då han vart medlem av Hansaen. På 1300-talet var han ein mektig hamneby med 12 000 innbyggjarar og den største byen i Mecklenburg. Det vart bygd skip for Austersjøen i Rostock. I 1419 vart det eldste universitetet i Nord-Europa grunnlagd, Universitetet i Rostock.

Fram til slutten av 1400-talet var Rostock var den dominerande byen i den hanseatiske handelen i Oslo og Tønsberg. Etter 1500 vart Rostock sin handel med Noreg retta meir inn mot Bergen, og handelsfolk frå Rostock var med i handelen på Bryggen i Bergen.

 
Rostock 1780-90

På slutten av 1400-talet klarte hertugane av Mecklenburg å få makt over Rostock, som til då i praksis hadde vore sjølvstendig. Dei nytta seg av eit opprør kjend som Domfehde, eit opprør blant dei fattige i byen som vart slått hardt ned på. I tida etter fylgde periodar med strid mellom byen og hertugane, og vedvarande plyndring av byen førte til slutt til økonomiske tap og mindre politisk makt.

Den strategiske plasseringa til Rostock gjorde at byen fleire gongar vart forsøkt erobra. Danmark og Sverige okkuperte begge byen, først under trettiårskrigen (1618-48) og igjen frå 1700 til 1721. Seinare okkuperte Frankrike under Napoleon I byen i om lag ti år fram til 1813. Det var her Blücher, som faktisk vart fødd her og som var ein av få generalar som kjempa vidare etter slaget ved Jena, overgav seg til franskmennene i 1806. Dette skjedde først etter harde gatekampar, der han sjølv leia enkelte av kavalleriåtaka. Dei utmatta prøyssarane hadde då dei overgav seg verken mat eller ammunisjon att.

På den første halvdelen av 1800-talet vart Rostock igjen økonomisk viktig, først som følgje av handel med kveite, og frå 1850-åra som følgje av industri, og særleg skipsindustri. Dei første propelldrivne dampskipa i Tyskland vart konstruert her. Byen voks og nye bydelar dukka opp i sør og vest.

 
Rostock 1910

1900-talet låg det viktige flyfabrikkar i byen, som Arado-fabrikken i Warnemünde og Heinkelfabrikken. Det var i Marienehe i Rostock at det første jetflyet i verda gjorde sine testflygingar. Produksjon av fly enda med den andre verdskrigen.

Store delar av bysentrumet vart øydelagd under den andre verdskrigen av dei allierte sine bombetokt i 1942 og 1945. Gjennom rekonstruksjon og vidare utviding vart byen eit stort industrisenter i Aust-Tyskland med den viktigaste hamna i landet.

Etter gjenforeininga av Tyskland i 1989/1990 vart Rostock berre ein av fleire tyske hamner og ligg i dag i ein av dei minst industrialiserte delane av Tyskland. Trass i stor utbetring av infrastrukturen i området dalte økonomien til byen i løpet av 1990-åra, men er no veksande igjen. Folketalet i Rostock fall frå om lag 260 000 i 1989 til om lag 200 000 i dag, hovudsakleg fordi bygrensene vart endra, men òg som følgje av innbyggjarar som flytta til meir velståande delar vest i Tyskland.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rostock

Kjelder endre