Warrgamay
Warrgamay er eit sterkt truga eller utdøydd australsk språk som høyrer til dei pama-nyunganske språka og er nært i slekt med dyirbal. I 1981 hadde det berre 3 registrerte talarar, det same talet blei oppgjeve av SIL i 2011.[1] Likevel finst det døme på forsøk på vidareføring av språket, som ved å laga warrgamay-barnebøker.[2]
Warrgamay | ||
Klassifisering | Australsk Pama-nyungansk Dyirbalisk Warrgamay | |
Bruk | ||
Tala i | Queensland i Australia | |
Warrgamaytalande i alt | 3 (1981) | |
Skriftsystem | Ingen | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | Ingen | |
ISO 639-2 | Aus | |
ISO 639-3 | wgy |
Utbreiingsområdet til warrgamay er nord i Queensland, særleg i Cardwell-området, langs kysten sør for Hinchinbrook-øya og langs breidda av Herbert-elva.[1][3]
Språkdøme
endreDesse døma på namn på ulike kroppsdelar er henta frå Queensland Memory State Library of Queensland.[3]
Ord | Norsk tyding |
---|---|
mugal | hovud |
gayga | auge |
ngayilnggarra | munn |
bina | øyrer |
gambara | kropp |
yulgu | mage |
murray | hår |
djarrawaga | bein (føter) |
bigaɲ | fot |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 https://www.ethnologue.com/language/wgy/***EDITION***
- ↑ Jedda Priman, Warrgamay people developing mayay (language) story books (08 Feb 2013), open.abc.net.au
- ↑ 3,0 3,1 Gambara Gamu Biyu – Warrgamay Language, slq.qld.gov.au
- Wikipedia på svensk, 6.9. 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Warrgamay i The World Atlas of Language Structures (WALS)
- Warrgamay i Ethnologue - Languages of the World
- OLAC resources in and about the Warrgamay language