Pama-nyunganske språk
Pama-nyunganske språk er i følgje ein del forskarar, mellom anna Ken Hale og Nick Evans, ein underfamilie av dei australske språka. Språkfamilien har fått namn frå to av underfamiliane som ligg langt frå kvarandre, pamaspråka i nordaust, og nyunganspråka i sørvest.
Klassifisering
endreI følgje Nicholas Evans på Universitetet i Melbourne er dei næraste slektningane til dei pama-nyunganske språka det utdøydde isolatspråket garawa, og deretter dei tangiske språka. Han gjer deretter framlegg om at det finst ein fjern slektskap ved dei gunwingguanske språka i ein makrofamilie som han kallar makro-pama-nyunganske språk.
Ethnologue listar heile 178 pama-nyunganske språk som kan delast opp i 30 språkgreiner:
- Arandiske språk: alyawarr, andegerebinha, anmatyerre, vestleg arrernte, austleg arrernte og kaytetye
- Baagandjispråk: bandjigali og darling
- Bandjalangiske språk: bandjalang
- Dyangadispråk: dyangadi og nganyaywana
- Flinders islandspråk: flinders island-språket
- Gumbaynggiriske språk: kumbainggar
- Guugu-yimidhirrspråk: barrow point og guguyimidjir
- Kala lagaw ya-språk: kala lagaw ya
- Karniske språk
- Karnaspråk: dieri, dirari, ngamini, pirlatapa, yandruwandha og yawarawarga
- Nguraspråk: ngura
- Palkuspråk: arabana, pitta pitta, wanggamala og wangganguru
- Lardilpråk: lardil
- Mariske språk: bidyara, biri, gangulu, gugu badhun, gungabula, gunya, guwamu, kunggari, mandandanyi, margany, wadjigu og warungu
- Mbaraspråk: mbara
- Muruwariske språk: muruwari
- Ngarinyerisk-yithayithiske språk: narrinyeri
- Pamanske språk
- Sentralpamanske språk: kunjen
- Kystpamanske språk: gugubera
- Flinderskpamanske språk: gugadj
- Lamalamiske språk: lamu-lamu, umbuygamu
- Mayabiske språk: mayaguduna, maykulan og ngawun
- Mbarimanske språk: gugu warra og mbariman-gudhinma
- Mellompamanske språk: ayabadhu, kuku-mangk, kuku-mu’inh, kuku-muminh, kuku-ugbanh, kuku-uwanh, pakanha, wikalkan, wik-epa, wik-iiyanh, wik-keyangan, wik-me’anha, wik-mungkan, wik-ngathana og wikngenchera
- Normanpamanske språk: areba, gurdjar, kunggara og kuthant
- Nordaustpamanske språk: kanju, kuuku-ya’u og umpila
- Nordpamanske språk: alngith, atampaya, leningitij og uradhi
- Rarmulpamanske språk: aghu tharnggalu og thaypan
- Sørpamanske språk: mbabaram og wamin
- Umbindhamuiske språk: umbindhamu
- Vestpamanske språk: thayore
- Yir yoront-språk: yir yoront
- Sørvestpama-nyunganske språk
- Kustngayardiske språk: kariyarra, kurrama, martuyhunira, ngarluma, nhuwala og yindjibarndi
- Dhalandjispråk: dhalandji og pinigura
- Inlandsngayardiske språk: dhargari, djiwarli, ngarla, nyamal, panytyima, tjurruru og wariyangga
- Kanyaraspråk: bayungu og burduna
- Malganaspråk: malgana
- Mangalaspråk: mangala
- Marnguspråk: karadjeri og nyangumarta
- Mirningspråk: kalarko og ngadjunmaya
- Ngargaspråk: warlmanpa og warlpiri
- Ngumbinspråk: gurinji, jaru, mudbura, ngarinman og walmajarri
- Nijadalispråk: nijadali
- Nyungarspråk: nyunga
- Wadjarispråk: badimaya og wajarri
- Watispråk: antakarinya, kokata, kukatja, martu wangka, ngaanyatjarra, pini, pintiini, pintupi-luritja, pitjantjatjara, wanman og yankunytjatjara
- Wiranguspråk: wirangu
- Yinggardaspråk: nhanda og yinggarda
- Yuraspråk: adnyamathanha, banggarla, guyani og nugunu
- Tangiske språk: ganggalida, kayardild og nyangga
- Wagaya-warluwariske språk
- Warluwara-thawapråk: wagaya, warluwara og yindjilandji
- Waka-kabiske språk:
- Kingkelspråk: bayali
- Miyanspråk: wakawaka og wuliwuli
- Thanspråk: gureng gureng
- Warumungiske språk: warumungu
- Wiradhuriske språk: gamilaraay, wangaaybuwan-ngiyambaa og wiradhuri
- Yalandyiske språk: djangun, kuku-yalanji og muluridyi
- Yanyuwanske språk: yanyuwa
- Yugambalspråk: yugambal
- Yuulnguspråk
- Dhanguspråk: dhangu og yan-nhangu
- Dhuwalspråk: dayi, dhuwal, djambarrpuyngu, gumatj, gupapuyngu og ritarungo
- Djinangspråk: djinang og djinba