Waterfalls av Paul McCartney
Waterfalls Singel av Paul McCartney frå albumet McCartney II | ||
B-side |
«Check My Machine» | |
---|---|---|
Utgjeve | 13. juni 1980 | |
Innspelt | Juli–august 1979 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 4:43 | |
Selskap | Parlophone/EMI (Storbritannia) Columbia (USA) | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
Produsent | Paul McCartney | |
Paul McCartney-kronologi | ||
«Coming Up» (1980) |
Waterfalls | «Temporary Secretary» (1980)
|
«Waterfalls» er ein ballade av Paul McCartney frå den første soloplata hans etter Wings, McCartney II. Songen har ein enkel stil, der McCartney spelar eit Fender Rhodes elektrisk piano og ein synthesizer, medan han syng. Songen kom ut på singel med «Check My Machine» som B-side og nådde niandeplassen på singellista i Storbritannia.[1][2] I USA vart han den første singelen hans som ikkje gjekk inn på Billboard Hot 100, og nådde der berre 106. plassen.[3] I 2013 rangerte Rolling Stone songen som den 25. beste Paul McCartney-songen etter Beatles.[4]
Då McCartney ein gong vart spurt om kva singel han hadde ønskt skulle fått meir suksess, så svarte han «Det er fleire faktisk. 'Waterfalls' syns eg er fin.» Han sa òg at TLC-singelen «Waterfalls» har element frå songen hans.[4][5]
Medverkande
endre- Paul McCartney – vokal, elektrisk piano, klaverinstrument og akustisk gitarsolo
Andre versjonar
endreSloan spelte inn ein kjappare versjon av songen på hyllestalbumet Listen To What The Man Said.[6]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Waterfalls (Paul McCartney song)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Waterfalls». Henta 28. mars 2009.
- ↑ «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 21. mai 2018.
- ↑ Chip Madinger & Mark Easter, Eight Arms To Hold You: The Solo Beatles Compendium (Chesterfield, MO: 44.1 Productions, 2000), 250.
- ↑ 4,0 4,1 «Paul's 40 Greatest Solo Songs». Special Collector's Edition: Paul McCartney. Rolling Stone. 2013. s. 89.
- ↑ «Paul McCartney». The A.V. Club. Henta 22. mai 2018.
- ↑ Patrick Berkery (Oct 10, 2001). «Various Artists (reviews)». Philadelphia Weekly. Henta 22. mai 2018.