Wave

(Omdirigert frå Wav)

WAVE, eller WAV, (.wav) står for Waveform Audio File Format er eit lydfilformat for (vanlegvis) ukomprimert lyddata på PCM-format.[1][2] Opphavet til formatet var eit felles framlegg frå Microsoft og IBM.[3] Wave-format fylgjer RIFF-spesifikasjonen, som tillèt at metadata vert lagra i same fil som lyddata. Wave vert i stort mon nytta for å lagra ukomprimert lyddata under operativsystemet Windows, men vert òg nytta i samband med Linux og Macintosh. Wave var opphavleg eit ein- eller tokanalformat, men er seinare utvida til fleire kanalar.[4]

Format endre

 
Fig. 1 Strukturen i ei wave-fil.

Wave-filer er strukturerte med eit hovud (en: header) fyrst i file, etterfylgd av ein eller fleire datablokker (en: chunks), som vist i Fig. 1. Fila har fyrst ei RIFF-blokk, etterfylgd av ein FORMAT-blokk, Fig. 1.

RIFF-blokka inneheld felta:

  • chunkID (4 Byte ASCII-streng): "RIFF"
  • chunkSize (unsigned long): Fillengd -8 [Byte]
  • riffType (4 Byte char): "WAVE"

FORMAT-blokka inneheld felta:

  • Subchunk1ID: fmt: syner starten på format-blokka
  • Subchunk1ID: ASCI-strengen fmt, som identifiserer starten på format-blokka
  • Subchunk1Size: lengd på resten av format-blokka, etter dette feltet [Byte] (16 for PCM)
  • Formatinformasjon, som inneheld
    • wFormatTag (1 når fila inneheld ukomprimert PCM-data)
    • wChannels (unsigned short): antal kanalar:
      • 1: mono
      • 2: stereo
      • 3: venstre, høgre, senter
      • 4: venstre fram, høgre fram, venstre bak, høgre bak
      • 5: venstre senter, venstre, senter, høgre senter, høgre, etterklang
    • dwSamplesPerSec (unsigned long): sampelrate i Hz
    • dwAvgBytesPerSec (unsigned long): gjennomsnittleg datarate, eller Byte-rate = (sampelrate)(antal kanalar)(ordlengd)/8
    • wBlockAlign (unsigned short): (antal kanalar)(ordlengd)/8

Datablokkene inneheld felta:

  • subchunk: (4 Byte) "data": identifiserer starten på datablokka
  • Subchunk2Size: Antal Bytes i datablokka (antal sampel)(antal kanalar)(ordlengd)/8.
  • Lyddata: eit binært ord per sample per kanal, på littendian format.

Avgrensingar endre

Lengda til Wave-filer er lagra som eit 32-bit heiltal, så lengda er avgrensa til 32 GByte, som tilsvarar 6 timar og 46 min for CD-kvalitet (16-bit, 44,1 kHz, 2 kanalar).

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Fleischman, E., WAVE and AVI Codec Registries, Microsoft Corporation, juni 1998.
  2. Rumsey, F. og McCormick, T., Sound and recording: An introduction, 5. utg., Focal Press, 2006.
  3. Multimedia Programming Interface and Data Specifications 1.0, Microsoft og IBM, aug. 1991.
  4. Multiple channel audio data and WAVE files, Microsoft, 7/3-2007.