Wavelength av Tangerine Dream

Wavelength
Filmmusikkalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 1983
Innspelt 1983
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 37:55
Selskap Varèse Sarabande
Tangerine Dream-kronologi 
Hyperborea
(1983)
Wavelength Risky Business
(1984)


Wavelength er det tjuande albumet og tredje filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Det inneheld musikken til filmen Wavelength med Robert Carradine, Cherie Currie og Keenan Wynn i rollene.[1]

I motsetnad til mange andre filmmusikkalbum med musikk av Tangerine Dream, vart ikkje musikken frå filmen omarbeidd av Tangerine Dream for albumet. Dermed består albumet av mange uvanlege og korte klipp, somme av dei remiksar eller utdrag frå tidlegare komposisjonar.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Alien Voices»0:16
2.«Wavelength Main Title»1:54
3.«Desert Drive»2:00
4.«Mojave End Title»3:59
5.«Healing»2:23
6.«Breakout»1:09
7.«Alien Goodbyes»1:50
8.«Spaceship»2:18
Side to
Nr.TittelLengd
9.«Church Theme»3:41
10.«Sunset Drive»3:23
11.«Airshaft»3:10
12.«Alley Walk»2:55
13.«Cyro Lab»2:13
14.«Running Through The Hills»1:30
15.«Campfire Theme»1:23
16.«Mojave End Title Reprise»3:51

Mange av spora er remiksar frå andre album:

  • «Desert Drive» og «Spaceship» er remiksa utdrag frå «Quichotte, Part One» frå Quichotte.
  • «Healing» er ein noko remiksa utdrag frå «Tangram Set One» frå Tangram.
  • «Church Theme» er ein remiks av «Silver Scale»; ein song som vart framført på konsertar i Europa i 1980 og 1981, men ikkje gjeven ut under dette namnet før Tangents i 1994.
  • «Sunset Drive» er ein remiks av «Remote Viewing» frå Exit.

Kjelder endre

  1. «Wavelength». Voices in the Net. Henta 9. juli 2020.