Webb-breen i Sør-Georgia
Webb-breen er ein isbre, 3 km lang, og som flyt søraust frå Mount Brooker og ut i Rossbreen på nordsida av Sør-Georgia. Han vart kartlagt av South Georgia Survey i 1954-55. Han er kalla opp etter Edgar Clive Webb i South Georgia Survey som i lag med Ian.M. Brooker klatra Mount Brooker den 30. januar 1955. Denne breen dannar ein del av ruta opp til fjellet.
Webb-breen | |||
isbre | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°32′S 36°10′W / 54.533°S 36.167°W | ||
Lengd | 3 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Webb-breen 54°32′00″S 36°10′00″W / 54.5333°S 36.1667°W | |||
Kart som viser Webb-breen i Sør-Georgia.
|
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Webb Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).