Welsh-ponni
Welsh-ponni er ein ponnirase som stammar frå Wales. Rasen er delt inn i fire kategoriar: Welsh Mountain kat. A, Welsh-ponni kat. B, Welsh Cob kat. C og Welsh Cob kat. D.
Skildring
endreRasestandarden varierer noko frå kategori til kategori. Storleiken spelar ei viktig rolle for inndelinga.
- Welsh mountain kat. A: Opptil 122 cm i mankehøgd.
- Welsh-ponni av ridetype kat. B: Opptil 137 cm i mankehøgd.
- Welsh-ponni av cob-type kat. C: Opptil 137 cm i mankehøgd.
- Welsh cob kat. D: Inga øvre grense.
Dei ulike kategoriane kan kryssast med kvarandre etter visse reglar:
- A X B = B
- B X C = C
- B X D = C eller D (avhengig av høgd)
- C X D = C eller D (avhengig av høgd)
Er foreldra av same kategori vert avkommet også av den kategorien.
Historie
endreWelsh-ponnien stammar frå små, walisiske fjellponniar. Opp gjennom hundreåra har andre hestetypar blitt kryssa inn, mellom anna arabarhest og hackneyhest. The Welsh Pony and Cob Society vart skipa i 1901 og er den største av dei britiske hesteraseorganisasjonane. Den fyrste stamboka kom i 1902. Opplegget med inndeling i kategoriar kom inn i biletet i 1949.
Førekomst
endreWelsh-ponnien finst i store delar av verda, også i Noreg.
Bruk
endreWelsh-ponnien vert for det meste brukt til ride- og køyreponni for barn og unge.