Arabarhest

Arabarhest er ein hesterase med opphav i Arabia i Midt-Austen. Han er rekna som ein varmblodshest med eit energisk temperament.

Arabarhest i galopp
Leikande arabarhest.

SkildringEndra

Arabarhesten har lite, kileforma hovud med konkav eller rett profil. Haleføringa er høg. Heilskapsinntrykket skal vere elegant og røyrslene frie. Hesten er svært rask og uthaldande.

HistorieEndra

Det skal ha vore beduinar, arabiske ørkennomadar, som fyrst dreiv avl på arabarhest. I beduinsamfunna var arabarhesten høgt skatta. For at ørkenhesten ikkje skulle endre seg, men vere slik Gud hadde skapt han, vart andre hesteslag ikkje brukt i avlen. Etterkvart vart det meir kontakt over landegrensene. Arabarhestar vart gjevne som gåver frå ottomanske herskarar til statsoverhovud i Europa. Slik spreidde arabarhesten seg, og mange andre hesterasar fekk innslag av arabisk blod. Engelsk fullblodshest, percheron og russisk orlovtravar er døme på rasar som har arabarhestar bak i slekta.

UtbreiingEndra

Arabarhesten finst i dag over heile verda, mellom anna Storbritannia, USA, Polen, Russland, Brasil og ikkje minst statar i Midt-Austen.

 
Arabarhoppe med fole.

BrukEndra

Opphavleg var arabarhesten ein lett stridshest. Hoppene vart foretrukne til denne bruken. I dag vert hestane nytta til mykje ulikt, mellom anna distanseriding.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra