Werner von Moltke

Werner Konrad von Moltke (24. mai 193629. juli 2019 var ein tysk friidrettsutøvar og idrettsleiar. Han vart europameister i tikamp i 1966. Perioden 1989-97 var han visepresident i Deutschen Leichtathletik-Verbandes (Det tyske friidrettsforbundet) og deretter 1997-2012 president i Deutschen Volleyball-Verbands (Volleyballforbundet). Werner von Moltke ætta frå den mektige adelsslekta Moltke.

Werner von Moltke


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 24. mai 1936
Mühlhausen/Thüringen
Død

29. juli 2019 (83 år)
Nieder-Olm

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, fortjenstkors med bånd av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden

Aktiv endre

Werner von Moltke vart vesttysk meister i tikamp åra 1958, 1966 og 1968. Under europameisterskapen 1962 vann han sølvmedaljen – slått med fattige fire poeng av den dåverande verdsrekordhaldaren, sovjetiske Vasilij Dmitrijevitsj Kuznetsov.

Ved europameisterskapen 1966 i Budapest sigra Moltke og fekk landsmennene Jörg Mattheis og Horst Beyer med seg på sigerspallen. Same året presterte han sitt livs beste tikamp som etter den tids tabellar gav 7 961 poeng, etter dagens målestokk 7 849 poeng.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Idrettsleiar endre

Moltke var frå 1966 til 1991 ansvarleg for idrettspolitikken til sportsutstyr-produsenten Adidas. Samstundes dreiv han i lang tid ei sportsforretning i Nieder-Olm der han budde og døydde, 83 år gammal.

Kjelder endre