Whanganui Journey

Whanganui Journey er ein tur med kano eller kajakkelva Whanganui RiverNordøyaNew Zealand. Turen, som startar ved Taumarunui og endar ved Pipiriki, er 145 km lang, og mykje av turen går gjennom delar av Whanganui National Park. Han varer vanlegvis i fem dagar.

Kanoar på Whanganui-elva.

Turen er administrert av Department of Conservation (DOC) under programmet New Zealand Great Walks. Sjølv om Great Walk-turen endar ved Pipiriki, er elva farbar enno 89 km nedetter. Eit mindre tal reisande med kano tek seg vidare fram til hovudbrua i Wanganui, dette tek to dagar i tillegg.

Om rutaEndra

 
Flyfoto over Whanganui River om lag midtvegs mellom Pipiriki og Wanganui.

Ruta er delt opp i seksjonar som er elvestrekningar mellom leirstadar og hytter som følgjer:

  • Taumarunui til Ohinepane : 21,5 km
  • Ohinepane til Poukaria : 14 km
  • Poukaria til Maharanui : 17,5 km
  • Maharanui til Whakahoro : 5 km
  • Whakahoro til Mangapapa : 10 km
  • Mangapapa til Ohauora : 15 km
  • Ohauora til John Coull Hut : 12,5 km
  • John Coull Hut til Mangawaiiti : 9,5 km
  • Mangawaiiti til Mangapurua : 9 km
  • Mangapurua til Tieke Kāinga : 10,5 km
  • Tieke til Ngaporo : 12 km
  • Ngaporo til Pipiriki : 9,5 km
 
Kajakk ved Mangawaiiti leirstad.

Under vanlege vêrtilhøve vil elvestryka ikkje gå over grad II på den internasjonale skalaen for gradering av farbare elver. Der er fleire turoperatørar som dekkjer heile, eller delar av turen.

OvernattingarEndra

Overnattingane langs ruta er ein kombinasjon av hytter og leirstadar, og kan ikkje bestillast på førehand. Alle som brukar elva må kjøpa eit turpass (Facilities User Pass (FUP)) om dei reiser mellom 1. oktober og 30. april, og dette er tilgjengeleg frå ulike distributørar, frå DOC i Wanganui, og frå lokale turistinformasjonar (VINs). Det er ulike prisar for ulike aldersgrupper, og for jetbåtar. Full informasjon om dette er å finna på vevsida til DOC som er ført opp under bakgrunnsstoff.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra