Whanganui

(Omdirigert frå Wanganui)

Whanganui eller Wanganui[3] uttale er både eit byområde og eit distrikt som ligg på vestkysten til NordøyaNew Zealand. Det er ein del av regionen Manawatu-Wanganui.

Wanganui
Whanganui (maori)
Horisonten til Whanganui
Horisonten til Whanganui
Kallenamn
«Wanga-vegas[1]»
Styresmakter
Land New Zealand
New Zealand
Grunnlagd 1840
Geografi
Flatevidd 2,3727 km²
Flatevidd
 - Distrikt

2 372,7 km²
Innbyggjarar
 - Distrikt (estimat juni 2008)
   - folketettleik
 - Byområde

43 400[2]
  18,3/km²
39 700
Koordinatar 39°56′S 175°03′E / 39.933°S 175.050°E / -39.933; 175.050
Tidssone UTC + 12 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 4500, 4501
Heimeside: http://www.wanganui.govt.nz/
Plassering
Whanganui is located in New Zealand

På same måte som fleire senter på New Zealand, hadde byen offisiell status som city fram til den administrative nasjonale reorganiseringa i 1989, men er no administrert av eit District Council. Trass i dette, vert han ennå sett på som ein by av dei fleste newzealendarar.

Wanganui City endre

Wanganui ligg i bukta South Taranaki Bight (Sør-Taranakibukta), nær munningen til Whanganui-elva. Det er 200 kilometer nord for Wellington og 75 kilometer nordvest for Palmerston North, der riksvegane New Zealand State Highway 3 og 4 kryssar kvarandre. Det meste av busetnaden ligg på den norvestlege elvebreidda, men nokre mindre forstadar ligg på motsett side.

Vêrlaget i Wanganui er temperert, med litt over det nasjonale gjennomsnittlege talet på soltimar (2100 timar i året), og om kring 900 millimeter årleg nedbør. Det kan koma fleire frostperiodar om vinteren.

Historie endre

I området kring munningen til Whanganui fanst det større maoribusetjingar før den europeiske innvandringa. I 1820-åra overfall stammane langs kysten Kapiti Island og Ngāti Toahøvdingen Te Rauparaha. Te Rauparaha hemna seg i 1830 ved å plyndra Putiki og drepa innbyggjarane der.[4] Dei første europeiske handelsfolka nådde fram til staden i 1831, og vart i 1840 følgde av misjonærane Octavius Hadfield og Henry Williams som samla underskrifter på Waitangitraktaten.[4] Etter at New Zealand Company hadde organisert seg i Wellington, såg det seg om etter fleire høvelege stader for innflyttarar. Edward Wakefield, son til Edward Gibbon Wakefield, forhandla fram sal av 40 000 acre i 1840. Det vart grunnlagd ein busetnad ved elvemunningen kort tid etterpå, først kalla Petre.[4] Dette namnet vart offisielt endra til Wanganui 20. januar 1854.

Dei første åra til den nye byen vart problematiske. Kjøp av land frå dei lokale stammene hadde vore tilfeldig og uregulert, derfor var mange māoriar harme over tilflyttinga av pākehā i landområde som dei framleis gjorde krav på. Det var ikkje før åtte år etter grunnlegginga av byen at nybyggjarane og dei lokale stammene kom fram til endeleg semje, men mange ulike synspunkt heldt fram (og dukkar opp frå tid til annan, den dag i dag).

Etter dette voks Wanganui snøgt, og land vart rydda til beitemarker. Byen var eit større militært hovudkvarter under New Zealand-krigane i 1860-åra, sjølv om dei lokale māoriane ved Putiki var venlege mot nybyggjarane i byen. I 1871 vart det opna ei bybru, seks år seinare ei jarnvegsbru ved Aramoho[4]. Byen fekk jarnvegssamband både til New Plymouth og Wellington i 1886.

 
Victoria Avenue, hovudgata i Wanganui.

Nedslagsfeltet til Whanganui-elva vert sett på av maoriane som eit heilagt område, og Wanganuiregionen vert enno rekna for eit senter for all harme hos maoriar over spørsmålet om eigedomsrett til jord. I 1995 vart Moutoa Gardens i Wanganui, av lokale maoriar kalla Pakaitore, okkupert i 79 dagar i ein stort sett fredeleg protest frå Whanganui-iwiar (stammar) om rettane til landområde.

Namn endre

Whāngā nui tyder 'stor bukt' eller 'storhamn'. Europearane kalla staden Petre (uttala Peter), etter Lord Petre, ein offiser i New Zealand Company, men dette namnet vart ikkje varig.

På den lokale dialekten uttalar maoriane wh som w følgd av eit glottalt opphald, og namnet noko slikt som «W'anganui», dette er vanskeleg å uttala for folk utanfrå. Inntil nyleg vart nemnet skrive «Wanganui» og uttala med ein w av dei som ikkje snakkar maori og ein wh av dei maoriane frå andre stader som kjende til denne avleiinga.

Etter at David Young skreiv ein artikkel om elva i magasinet New Zealand Geographic, og brukte «Whanganui» gjennomført, etter ønskje frå dei lokale iwi, vart stavinga av elvenamnet endra til Whanganui i 1991. Namnet til regionen vert også no stundom stava «Whanganui», men byen har halde på skrivemåten «Wanganui».

Eit resultat av dette er no at mange menneske utanfrå området gjer seg umak med å uttala elvenamnet og namnet til regionen som «Whanganui», og bynamnet som «Wanganui», sjølv om dei ulike skrivemåtane ikkje reflekterer skilnadar i det underliggjande namnet.

Ei ikkje-bindande folkeavrøysting vart halden i 2006, der 82 % røysta for Wanganui utan 'h'. Frammøtet var 55,4 %.[5]

I februar 2009 mottok New Zealand Geographic Board (New Zealands geografiske selskap) eit framlegg om at bynamnet burde skrivast «Whanganui», og kom seint i mars fram til at det kunne vera gode grunnar til endring[6]. Publikum vil få tre månadar frå medio mai til å uttala seg om det framlagde forslaget[7]. Wanganui sin borgarmeister, Michael Laws, har tala sterkt mot den føreslegne endringa.[8] Ei anna folkeavrøysting vart halden i mai 2009, og innbyggjarane forkasta enno ein gong namneskiftet med 77 mot 22 prosent.[9] Frammøtet var no 60 %.

Kjennemerke i byen endre

 
Wanganui sett frå Durie Hill.
 
Krigsminnesmerket på Durie Hill.

Av kjende bygningar i byen er Sarjeant Art Gallery, og Royal Wanganui Opera House, som vart reist i 1901.

Cook's Gardens er eit viktig sportsområde, det vert brukt til cricket, sykkelsport og friidrett. 27. januar 1962 sette Peter Snell verdsrekord på ei engelsk mil i dette anlegget.

Mykje av byen er bygd på den nordvestlege elvebreidda. Fire bruer kryssar elva, Cobham Bridge, City Bridge, Dublin Street Bridge og Aramoho Railway Bridge (berre for jarnveg og fotgjengarar). Nær den søraustlege enden til City Bridge ligg ein meir uvanleg konstruksjon i Wanganui, ein elevator som fører opp til eit monument på toppen av Durie Hill.

Forstadar i byen er (med klokka frå sør): Gonville, Castlecliff, Springvale, St. Johns Hill, Aramoho, Wanganui East, Bastia Hill, og Durie Hill. Alle desse, utanom Wanganui East, Bastia Hill, og Durie Hill ligg på den nordvestlege breidda.

Økonomi endre

Ein betydeleg del av økonomien til Wanganui er direkte basert på det grøderike og blømande jordbruket som omkransar byen. Andre lokale aktivitetar er mellom anna ingeniørverksemd og drift av hamna.

Vêrlag endre

Vêrdata for Whanganui
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 22,4 22,7 21,3 18,8 16 13,8 13,2 13,8 15,3 17 18,8 20,7 17,8
Døgnmiddeltemperatur °C 18,3 18,5 17,1 14,6 12,4 10,4 9,5 10,2 11,9 13,3 14,8 16,9 14,1
Gjennomsnittleg min °C 14 14,1 12,9 10,6 8,5 6,5 5,6 6,2 8 9,6 10,9 12,8 10
Gjennomsnittleg nedbør mm 59,2 75,5 62,9 69,2 79,5 88,8 85,3 74,4 73,7 88 75,4 86,4 916,7
Gns. solskinstimar i månaden 250,2 213,5 192,1 159,4 129 99,2 120,7 137,8 147,5 180,5 203,6 221,9 2 055
Kjelde: NIWA Climate Data[10]

Wanganui District endre

Wanganui District Council oppstod etter samanslåing av Wanganui og Waitotara County councils og Wanganui City Council. Distriktet har eit areal på 2 373 km². Mykje av landskapet i Wanganui District er ulendt bakkelandskap som kransar dalen til Whanganui River. Ein stor det av det ligg innanfor grensene til Whanganui National Park.

Alle utanom 3 700 menneske i Wanganui District bur i sjølve byen, det vil seia at det berre er få større busetnader utanfor. Ein liten, men kjend busetnad er Jerusalem.

Venskapsbyar endre

Kjelder endre

  1. Laws, Michael (7. mars 2005). «Building a national image». Wanganui District Council. Arkivert frå originalen 15. august 2009. Henta 15. juni 2009. 
  2. Statistikk Arkivert 2009-04-19 ved Wayback Machine. frå Statistics New Zealand Henta 18. juni 2009
  3. «Whanganui or Wanganui - it's up to you». The New Zealand Herald. 18. desember 2009. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Wises New Zealand Guide, 7. utg., 1979. s. 494.
  5. Om avrøystinga i 2006., arkivert frå originalen 25. mai 2010, henta 18. juni 2009 
  6. New Zealand Geographic Board to publicly consult on ‘h’ in Wanganui Arkivert 2009-09-25 ved Wayback Machine., New Zealand Geographic Board, 30. mars 2009.
  7. Wanganui proposed to Whanganui Arkivert 2009-09-23 ved Wayback Machine., New Zealand Geographic Board.
  8. Kelly Burns, Wanganui spelling change slammed, Dominion Post, 30. mars 2009.
  9. «Results of Referendum 09». 21. mai 2009. Arkivert frå originalen 25. mai 2010. Henta 18. juni 2009. 
  10. «Climate Data». NIWA. Henta 2 November 2007. 
  11. Wood, Simon (26 February 2009). «Laws questions value of sister city relationship». Wanganui Chronicle. Arkivert frå originalen 13. mars 2009. 

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Whanganui frå Wikivoyage