Whanganui nasjonalpark

(Omdirigert frå Whanganui National Park)

Whanganui National Park er ein nasjonalparkNew Zealand oppretta i 1986. Han utgjer eit 742,31 km² stort naturbasert område langs Whanganui-elvaNordøyaNew Zealand.

Whanganui nasjonalpark
nasjonalpark
Whanganui River.jpg
Whanganiu-elva
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Manawatu-Wanganui
Distrikt Wanganui, Stratford
Areal 742,31 km²

Whanganui National Park
39°34′0″ S 175°4′0″ E
Plassering på Nordøya
Plassering på Nordøya
Wikimedia Commons: Whanganui National Park

HistorikkEndra

Områda kring Whanganui-elva er berre tynt busette, større busetnadar er fråverande, fråsett byen Wanganui ved elvemunningen. Likevel spela elva, som var den lengste seglbare vassvegen på New Zealand, ei sentral rolle i historia til landet. Gjennom fleire hundre år nytta maoriane henne som ferdselsveg mellom kysten og innlandet, og dei dyrka jorda langs elvebreiddene.[1] På same måten var elva ein viktig farveg for dei første europeiske innvandrarane medan det enno ikkje var bygd vegar i området. Frå 1891 transporterte elvebåtar menneske og varer opp og ned Whanganui.

I dag, lenge etter at skipstrafikken er erstatta av veg og bane, er elva eit paradis for padlarar, som kvart år i tusental kan nyta den naturlege venleiken og dei historiske stadane i Whanganui nasjonalpark frå vatnet. Elles er det lagt opp til opplevingar både for fotturistar og terrengsyklistar i parken[2]. Her spenner også «Brua til ingen stad» (Bridge to Nowhere) seg over ei djup slukt, utan vegsamband på nokon av sidene. Brua vart bygd i 1935-36 då det var planar om å opna opp Mangapurua-dalen for busetjing, noko ein seinare gjekk bort frå.[1]

Geografi og vêrlagEndra

Whanganui National Park ligg i hjarta av eit stort innlandsområde på Nordøya. Frå skråningane til vulkanen Tongariro renn Whanganui-elva - den tredje lengste på New Zealand - i talrike svingingar gjennom dette området. Langs den midtre delen til elva strekkjer nasjonalparken seg langs båe elvebreiddene. Landskape her er delvis kupert, delvis flatt. Sjølv om det ikkje er høge fjell her, har Whanganui og sideelvene somme stadar laga spektakulære landskapsformasjonar gjennom erosjon. Høgdedraga ligg frå kring 500 til 746 moh. Det lokale klimaet generelt temperert, med varme somrar, milde til kjølige vintrar, og, med ei for New Zealand å vera, gjennomsnittleg nedbørsmengde.

Flora og faunaEndra

Nasjonalparken er nesten fullstendig skogkledd. Dei dominerande treslaga er gultrefamilien (latin: Podocarpaceae, nåletre på den sørlege halvkula) og ulike stadeigne lauvtre. I høgda er det mest bøkeskog. Eit botanisk høgdepunkt er trebregnar. Skogane langs breiddene til Whanganui er tilhaldsstad for talrike stadeigne songfuglartar; ved elva ser ein enno dei sjeldne newzealandske kaskadeendene. Av andre fuglar kan ein sjå maoridue (kererū), maoriviftestjert, tuihonningetar, raudstrupe, igatagerygone, maoriflugeskvett og nordbrunkivi.[1] I elva finst mellom anna ålar, aure, flyndre og niauge.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 L. Harper; T. Mudd; P. Whitfield; D. Hall (2006). Rough Guide to New Zealand. New York - London - Delhi: Rough Guides. s. 301-308. ISBN 1-84353-679-X. 
  2. «Welcome to Wades Landing Outdoors - stay and play». Raurimu, New Zealand: Wades Landing Outdoors. 2012. Henta 25. november 2012. 

BakgrunnsstoffEndra