What's Bin Did and What's Bin Hid
What's Bin Did and What's Bin Hid Studioalbum av Donovan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. mai 1965 (Storbritannia) Juni 1965 (USA) | |
Innspelt | Februar – mars 1965 | |
Studio | Peer Music i Denmark Street i London | |
Sjanger | Folkemusikk | |
Lengd | 31:50 | |
Selskap | Pye (Storbritannia) Hickory (USA) | |
Produsent |
| |
Donovan-kronologi | ||
---|---|---|
What's Bin Did and What's Bin Hid | Fairytale (1965) | |
Singlar frå What's Bin Did and What's Bin Hid | ||
|
What's Bin Did and What's Bin Hid er debutalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut i Storbritannia fire dagar etter Donovan fylte 19 år, den 14. mai 1965, på Pye Records. Terry Kennedy, Peter Eden og Geoff Stephens produserte albumet. What's Bin Did and What's Bin Hid vart gjeven ut i USA som Catch the Wind på Hickory Records i juni 1965. Hickory Records endra tittelen slik at han matcha debutsingelen hans.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | Originalt album |
Allmusic | 2002-utgåva |
Historie
endreSeint i 1964 gav Peter Eden og Geoff Stephens Donovan tilbod om platekontrakt med Pye Records i Storbritannia. Donovan hadde spelt rundt om i Storbritannia og var velkjend i det britiske visemiljøet før han fekk kontrakten. I 1964 synte demoinnspelingane hans (gjeven ut som Sixty Four i 2004) stor likskap til både Woody Guthrie og Bob Dylan, som gjorde at han vart kalla «Storbritannia sitt svar på Bob Dylan» i pressa. What's Bin Did and What's Bin Hid er kjend fordi det fanga Donovan på eit tidspunkt då stilen og visjonen hadde byrja å endra seg frå stilen til Guthrie og Dylan.
Musikalsk består av albumet hovudsakleg av Donovan på vokal, gitar og munnspel, slik konsertane hans var på denne tida. Han hadde framleis noko av Woody Guthrie i stilen og og syng Guthrie sin «Riding in My Car (Car Song)» (kalla «Car Car»). What's Bin Did and What's Bin Hid inneheld òg britiske viser («Tangerine Puppet») og til og med noko jazz («Cuttin' Out»).
Donovan spetle inn «Catch the Wind» på ny for albumet, som opphavleg vart gjeven ut som debutsingelen hans i Storbritannia den 12. mars 1965.
Andre musikarar på albumet er Brian Locking på bass, Skip Alan (frå the Pretty Things) på trommer, og Gypsy Dave på kazoo.
Innhald
endreOriginalt album
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Josie» | Donovan Leitch | 03:28 |
2. | «Catch the Wind» | Donovan Leitch | 02:56 |
3. | «Remember the Alamo» | Jane Bowers | 03:04 |
4. | «Cuttin' Out» | Donovan Leitch | 02:19 |
5. | «Car Car» | Woody Guthrie | 01:31 |
6. | «Keep on Truckin'» | trad. arr. Donovan Leitch | 01:50 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Gold Watch Blues» | Mick Softley | 02:33 |
8. | «To Sing for You» | Donovan Leitch | 02:45 |
9. | «You're Gonna Need Somebody on Your Bond» | trad. arr. Donovan Leitch | 04:04 |
10. | «Tangerine Puppet» | Donovan Leitch | 01:51 |
11. | «Donna Donna» | Aaron Zeitlin, Sholom Secunda, Arthur S Kevess, Teddi Schwartz | 02:56 |
12. | «Ramblin' Boy» | Donovan Leitch | 02:33 |
Medverkande
endre- Donovan - vokal, akustisk gitar, munnspel
- Brian Locking - bass
- Skip Alan (Alan Skipper) - trommer
- Gypsy Dave (David Mills) - kazoo
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «What's Bin Did and What's Bin Hid» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: