What Goes On av Velvet Underground
What Goes On Singel av The Velvet Underground frå albumet The Velvet Underground | ||
B-side |
Jesus | |
---|---|---|
Utgjeve | Mars 1969 | |
Innspelt | November og desember 1968 | |
Studio | T.T.G. Studios i Hollywood | |
Sjanger | ||
Lengd | 4:55 | |
Selskap | MGM | |
Komponist | Lou Reed | |
Tekstforfattar | Lou Reed | |
Låtskrivar(ar) | Lou Reed | |
Produsent | The Velvet Underground | |
The Velvet Underground-kronologi | ||
«White Light/White Heat» (1968) |
What Goes On | «Who Loves The Sun» (1971)
|
«What Goes On» er ein song av The Velvet Underground. Det var den einaste singelen deira frå albumet The Velvet Underground frå 1969.
Songen vart spelt inn i 1968 i T.T.G. Studios i Hollywood.[1]
Eit konsertopptak av songen med Doug Yule på klaverinstrument kom ut på det doble konsertalbumet 1969: The Velvet Underground Live.[2]
Medverkande
endre- Lou Reed – solovokal, elektrisk & akustisk gitar (inkludert solo)
- Doug Yule – bass, Vox Continental-orgel,[3]Mal:Better source needed korvokal
- Sterling Morrison – elektrisk gitar (inkludert solo)
- Maureen Tucker – trommer
Andre versjonar
endreDoctors of Madness brukte å spele songen på konsertar i 1977 og 1978. Roxy Music-songaren Bryan Ferry spelte inn «What Goes On» (med element av «Beginning to See the Light») på soloalbumet sitt The Bride Stripped Bare i 1978.
Orgelriffet på «What Goes On» vart nytta i Talking Heads-songen «Once in a Lifetime» i 1980 på albumet deira Remain in Light.[4]
Songen vart spelt inn av The Feelies i 1988 på albumet deira Only Life, Elizabeth Mitchell i 2006 på albumet hennar You Are My Little Bird, The Screaming Trees i 2009 på samlealbumet Unpiecing the Jigsaw - A Tribute to The Velvet Underground[5] og The Dils på fleire konertalbum.
Jim Kerr spelte inn songen som B-side til «Shadowland» i 2010, og seinare på ei spesialutgåve av albumet Lostboy! AKA Jim Kerr.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «What Goes On (Velvet Underground song)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Discogs - T.T.G. Studios (Hollywood) profile and discography
- ↑ Unterberger (2009)
- ↑ «Robert Caruso». www.facebook.com. Henta 29. oktober 2017.
- ↑ «Once in a Lifetime». The 100 most important American musical works of the 20th century. National Public Radio broadcast. 27. mars 2000. Henta 29. oktober 2017.
- ↑ «Unpiecing the jigsaw: A Tribute to The Velvet Underground» by Dave Thompson, AllMusic.com