The Bride Stripped Bare

The Bride Stripped Bare
Studioalbum av Bryan Ferry
Språk engelsk
Utgjeve 1. september 1978
Innspelt 1977
Studio Mountain Studios i Montreux i Sveits
Sjanger Rock, pop
Lengd 41:42
Selskap EG
Produsent Waddy Watchel, Rick Marotta, Simon Puxley, Steve Nye og Bryan Ferry
Bryan Ferry-kronologi 
In Your Mind
(1977)
The Bride Stripped Bare Boys and Girls
(1985)


The Bride Stripped Bare er det femte soloalbumet til Bryan Ferry. Det kom ut i 1978, kort tid før Ferry samla saman bandet sitt Roxy Music igjen etter ein pause på tre år. Det vart spelt inn etter at kjærasten hans Jerry Hall hadde forlate han for Mick Jagger i 1977, og verkar å ha fleire referansar til brotet deira. Albumet nådde 13. plassen på albumlista i Storbritannia.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars lenkje
Christgau's Record GuideB+[1]

Albumtittelen er henta frå Marcel Duchamp-kunstverket The Bride Stripped Bare by Her Bachelors, Even. Ferry vart introdusert for verket som kunststudent av Richard Hamilton. Ein undertekst av stykket til Duchamp er maskuline og feminine forhold.

Mottaking endre

I ei melding for AllMusic skreiv Ned Raggett at «då Jerry Hall, frontcovermodell for Roxy på Siren, forlet Ferry for Mick Jagger, var svaret hans dette interessante albumet. Det var ikkje ein stor suksess, men på ingen måte bortkasta heller.»[2] Kritikaren Robert Christgau skreiv om album: «Kanskje røyken i augo til Bryan endeleg nådde hjarta hans. Det tilsynelatande oppriktige i nokre av songane her gjer dei fem minuttars augneblikka når han drøyer lenge over ei viktig tekstlinje lettare å svelgje.» Han la til «Los Angeles-musikarane skadar ikkje heller - samanhengen mellom måten han stiliserer på (falsk likesæle) skapar ei interessant uttrykksspaning.»[3]

Greil Marcus hadde albumet som sitt favorittalbum i kritikarunderskøinga The Pazz and Jop for 1978.[4] Marcus skreiv om albumet: «Dette utrulege, personlege albumet - som på eit vis kan samanliknast med Van Morrison sitt Astral Weeks, Jesse Winchester, John Cale sitt Vintage Violence eller Bob Dylan sitt Blood on the Tracks - held fram å utdjupe Don Juan-i-helvete-personen denne engelske eksentrikaren har utforska gjennom heile tiåret. Støtta av amerikanske studiomusikarar (særskild gitaristen Waddy Wachtel), utfører Ferry Begjærets hemn, ei soge som let alle partar fri til å hengi sine mest grufulle, mest sjølvmedlidande instinkt, og deretter må betale for dei. Frå «Can't Let Go», ei usedvanlig dramatisk soge om ein elskar i eksil, til «Hold On I'm Coming», den siste i Ferrie si usannsynlege og vellukka rekkje med coversongar, er plata glamorøs, bitter, dekadent og lidenskapleg. Som alltid syng Ferry med røysta til Dracula som reiste seg frå grava - reiste seg for å fortelje oss kor mykje han bryr seg.».[5]

Dave Marsh gav plata tre av fem stjerner og skreiv: «The Bride Stripped Bare balanserer metodane til Ferry langt meir effektivt, og let han covre romantiske soul-standardar som 'That's How Strong My Love Is' ved sidan av hans fortvila moderne 'When She Walks in the Room'. resultatet kunne ha blitt ein triumf om det ikkje var for den misoppfatta produksjonen, som stort sett kjem av denne i det vesentlege britiske songaren som arbeider med Los Angeles-musikarar som Rick Marotta og Waddy Wachtel, som òg var medprodusentar. Likevel indikerer Bride at soloarbeidet til Ferry har mykje underutvikla potensial. Det er uheldig at han har tilbragt all tida si sidan den gongen til den nye versjonen av Roxy Music.»[6]

Mark Coleman gav tre og ei halv stjerne og sa «The Bride Stripped Bare er meir eventyrlysten. Mange lyttarar tenkte det var dumdristig. Bryan Ferry speler inn musikk i L.A. med studioveteranar? Vell gitaristen Waddy Wachtel hentar fram nokre overraskande skarpe riff, medan Ferry smørsyngjer både Al Green sin 'Take Me to the River' og Velvet Underground sin 'What Goes On' utan å anstrenge seg.»[7]

Rob Sheffield gav òg tre og ei halv stjerne og skreiv «The Bride Stripped Bare var ei verkeleg nøtt, med nokre potensielt fotte songar med eit L.A.-studioband (Waddy Wachtel på ei Bryan Ferry-plate?). Her er den flotte, sju minuttar lange 'When She Walks in the Room' og ein flott versjon av den irske folkevisa 'Carrickfergus', men Ferry sin versjon av 'Take Me to the River' har omtrent ein åttande del av Big Muddy-safta frå originalen til Al Green, og det er uheldig at han kom ut same året som versjonen til Talking Heads[8]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sign of the Times»Bryan Ferry2:28
2.«Can't Let Go»Ferry5:14
3.«Hold On (I'm Coming)»Isaac Hayes, David Porter3:37
4.«The Same Old Blues»J.J. Cale3:21
5.«When She Walks in the Room»Ferry6:28
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Take Me to the River»Al Green, Mabon «Teenie» Hodges4:29
7.«What Goes On»Lou Reed4:11
8.«Carrickfergus»Trad. arr. Ferry3:46
9.«That's How Strong My Love Is»Roosevelt Jamison3:17
10.«This Island Earth»Ferry5:06

Salslister endre

Liste (1978) Plassering
Australia (Kent Music Report) 32[9]

Medverkande endre

  • Bryan Ferry – solovokal, piano, klaverinstrument
  • Waddy Wachtel – sologitar, slidegitar, korvokal
  • Neil Hubbard – gitar
  • Alan Spenner – bassgitar
  • John Wetton – bassgitar på «This Island Earth»
  • Herbie Flowers – kontrabass på «When She Walks in the Room» og «Carrickfergus»
  • Ann Odell – orgel, elektrisk piano, strykearrangement
  • Steve Nye – elektrisk piano på «The Same Old Blues» og «That's How Strong My Love Is»
  • Mel Collins – saksofon på «Hold On (I'm Coming)» og «That's How Strong My Love Is»
  • Martin Drover – trompet på «Hold On (I'm Coming)» og «That's How Strong My Love Is»
  • Rick Marotta – trommer
  • Preston Heyman – trommer på «This Island Earth»

Teknisk

Kjelder endre

  1. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: F». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  2. «The Bride Stripped Bare - Bryan Ferry | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 20. juli 2021. 
  3. «Robert Christgau: CG: Bryan Ferry». www.robertchristgau.com. Henta 20. juli 2021. 
  4. «Robert Christgau: Pazz & Jop 1978: New Wave Hegemony and the Bebop Question». www.robertchristgau.com. Henta 20. juli 2021. 
  5. Admin, G. M. (3. august 2014). «Real Life Rock (01/15/79)». GreilMarcus.net. Henta 20. juli 2021. 
  6. Marsh, David. «Bryan Ferry». The New Rolling Stone Album Guide. October 1983. pg. 174
  7. DeCurtis, Anthony. «Bryan Ferry». Rolling Stone Album Guide. 1992. s. 243
  8. Brackett, Nathan. «Bryan Ferry». The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. pg. 297
  9. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 111. ISBN 0-646-11917-6.