What a Blast
Filmmusikkalbum av Tangerine Dream
Utgjeve April 1999
Innspelt 1999
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 53:10
Selskap TDI Music
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Sohoman
(1999)
What a Blast Mars Polaris
(1999)


What a Blast er det 67. albumet og det 24. filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream.

Albumet inneheld musikk for ein film om nedriving av bygningar, og følgjer trenden til Tangerine Dream om videoar med eit spesifikt tema, som på Canyon Dreams (1987) og Oasis (1997). Albumet inneheld ni spor i ganske forskjellig stil og stemning. Til å vere musikk for ein film om eksploderande bygningar, så er musikken roleg og melodisk.[1]

To av spora på albumet, «TimeSquare» og «Jungle Journey» er remiksar av spor frå høvesvis albuma TimeSquare – Dream Mixes II (1997) og Turn of the Tides (1994).[1]

Det amerikanske selskapet Miramar gav ut albumet med tittelen Architecture In Motion og eit heilt anna plateomslag. Denne mangla òg opningssporet «Stoneyard».[1]

I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag.

Innhald endre

All musikk er komponert av Edgar Froese og Jerome Froese.

Nr.TittelLengd
1.«Stoneyard»6:11
2.«Silver Siren» (feilskrive «Silver Screen» på amerikansk utgåve)4:43
3.«Beauty Of The Blast»3:58
4.«Dream Sculpture»5:30
5.«Last Trumpet On 23rd Street» (feilskrive «Last Trumpet On 23th Street» på tysk utgåve)4:32
6.«Art Of Destruction»7:35
7.«Forced To Surrender»4:35
8.«TimeSquare (The Legendary N.Y. Brix Mix)» (feilskrive «Timesquere» på tysk utgåve)9:49
9.«Jungle Journey (Bond Of Ages Mix)»6:17

Medverkande endre

Tangerine Dream

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «What a Blast». Voices in the Net. Henta 21. juli 2020.